Adolf Mauritz Fonahn () var ein norsk medisinalhistorikar, orientalist og numismatikar frå Hedrum i Vestfold.
Fonahn vart utdanna cand. med. i 1899. I 1909 vart han universitetsstipendiat i medisinalhistorie, frå 1917 var han dosent. To år seinare vart han styrar for Myntsamlinga ved Universitetet i Oslo. År 1926 vart han konservator ved den asiatiske avdelinga ved Etnografisk Museum, Universitetet i Oslo.
Alt i studieåra tok Fonahn til å granske medisinalhistorie, jamsides fagstudiet. Han lærte seg gammalegyptisk og arabisk språk, og gjorde mange studieferder utanlands. Fonahn gav ut fleire viktige verk, til dømes Zur Quellenkunde der persischen Medizin i 1910. Særleg kjent vart seksbandverket Quaderni d'anantomia som kom i åra 1911-16. Dette verket om Leonardo da Vinci gav han ut saman med Halfdan Hopstock og Ove Vangensteen. Der makta dei tyde teksta på orgiginalteikningane, ei tekst skriven med «spegelskrift».
Kjelder Norsk Allkunnebok, IV. bandet, 1953
Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske legar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Larvik