Fugleslekta Ara er ei neotropisk slekt av store papegøyar med åtte nolevande artar og minst to kjente utdøydde artar. Papegøyane i slekta Ara er kraftfulle fuglar med lange halar, lange smale venger og fjørdrakt i praktfulle farger. Dei har alle eit karakteristisk område i andletet og rundt auga med berr hud. Kjønna har lik fjørdrakt. Mange av medlemmene i slekta er populære handelsvarer som burfuglar, og fuglesmugling er ein trussel mot fleire Ara-artar.

Ara, engelsk macaw, er òg eit samnamn på store, neotropisk papegøyar, til saman ca. 16 artar i seks slekter.

Morfologi og utsjånad mini|høgre|I likskap med resten av slekta, er vengene til blågulara, Ara ararauna, lange, likesom halen. Ara-papegøyar er store parakittar arierande i storleik frå brunpanneara på 46 til 51 cm i lengd og 285-287 gram i vekt opp til grønvengara på 90–95 cm og 1708 g. Vengene er lange og smale, typisk for papegøyeartar som flyg over lange avstandar for å hente føde. Dei har ein massiv nedoverbøygd øvre kjeve og ein lapp med bleik hud rundt auga som kan strekkje seg til nebbrota. Det nakne området har små fjører arrangert i linjer som dannar eit mønster over elles berr hud hos alle artar i denne slekta. Unnataket er raudara der huda er heilt berr. Dei fleste artane har mørkt nebb, men raudara og grønvengara har ein hornfarga øvre kjeve og ein svart underkjeve.

Fargene i fjørdrakta av Ara er spektakulære. Fire artar er hovudsakleg grøne, to av artane er stort sett i blått og gult, og tre artar, inkludert den utdøydde cubanske ara er i mykje raudt. Det er ingen kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, og ungfuglar er like dei vaksne, men litt mattere blant nokre artar.

Distribusjon og habitat mini|høgre|Fire grønvengara, Ara chloropterus, i flukt i Peru. Ara-papegøyar har ein neotropisk utbreiing frå Mexico til Argentina. Sentrum av Ara-distribusjonen ligg i Amazonasbassenget og i grenseområdet Panama-Colombia, kvart med så mange som fire artar, marginalt fem der soldatara nærmar seg vestlege Amazonas. Innanfor grensene av Bolivia kan ein finne sju artar, men ingen einskild lokalitet i Bolivia eller noko anna land kan vise til meir enn fire artar. Den mest utbreidde arten, raudara, er, eller var, utbreidd over store delar av Sentral-Amerika og Amazonas. På den andre side har både blåstrupeara og raudøyreara bittesmå distribusjonar i Bolivia. Det samla utbreiingsområdet for artane og slekta som heilskap er redusert i historisk tid på grunn av menneskelege aktivitetar. Soldatara finst frå det nordlege Mexico til nordlege Argentina, men utbreiingsområdet er usamanhengande, med populasjonar i Mexico, så eit stort gap, deretter ein populasjon i dei venezuelanske kystfjellrekkja og ein populasjon langs Andesfjella frå vestlege Venezuela til det nordlege Argentina. Blågulara vart utrydd på Trinidad i 1960,Oehler DA; Boodoo D; Plair B; Kuchinski K; Campbell M; Lutchmedial G, Ramsubage S, Maruska E and S Malowski (2001). "Translocation of Blue and Gold Macaw Ara ararauna into its historical range on Trinidad". Bird Conservation International, 11: pp 129-141 samt trekte seg tilbake frå Nord-Argentina, og fleire artar er tilsynelatande utrydda på øyane i Karibia.

Ara-papegøyar er generelt ganske fleksible i krav til habitat, dette er mest synleg hos raudara, som med den omfattande distribusjonen sin kan nytte ut dei fleste naturtypar frå fuktig regnskog til opne skogsområde og savannar. Det einaste kravet er tilstrekkeleg store tre, der dei kan finne føde og byggjer reir i hòl. Dei andre artane er litt smalare i krav til habitata, men trongen for store tre er universell. Blåstrupeara lever vanlegvis i «øyar» av skog på savannen, og raudøyreara føretrekkjer tørt kratt og kaktusskog.

Innanfor utbreiingsområdet, kan fuglane vandre mykje sesongmessig på leiting etter mat. Dei vil ikkje gjere trekk over store avstandar, men i staden meir lokale rørsler mellom ei rekkje ulike habitat.

Føde og kosthald Som alle andre araer og dei fleste papegøyane, gjer frø og frukt ut for den største delen av dietten i slekta Ara. Den spesielle artane og utval av kosthald varierer frå art til art. I motsetnad til mange andre fuglegrupper som tar frø og er frøspreiarar, vil araer ete og fordøye frøa, og dei kan bruke dei uhyre sterke nebba sine å opne sjølv dei hardaste skala. Dei konkurrerer med nokre apeartar i kosthaldet; i ein studie av grønvengara i Venezuela delte dei mange av dei same trea som sakiar, Chiropotes, men i nokre tilfelle åt dei frøa umodne, på eit tidlegare stadium med meir gift, enn det sakiar gjer.Norconk, M; Wertis, C & W Kinzey (1997) " Seed predation by monkeys and macaws in eastern Venezuela: Preliminary findings" Primates 38 (2): 177-184 Som andre papegøyar, kan araer bruke leire til å absorbere giftige stoff frå føda, gift som kjem frå frøa dei et.Diamond, J (1999). "Evolutionary biology: Dirty eating for healthy living" Nature 400(6740): 120-121 I tillegg kan giftig føde frå einskilde matkjelder bli nøytralisert av anna giftstoff, til dømes av tannin, som finst i andre matkjelder som dei samstundes tar av.

Hekking Som nesten alle papegøyar, er Ara-papegøyane hòlehekkarar.Collar N (1997) "Family Psittacidae (Parrots)" in Handbook of the Birds of the World Volume 4; Sandgrouse to Cuckoos (eds del Hoyo J, Elliott A, Sargatal J) Lynx Edicions:Barcelona. ISBN 84-87334-22-9 420-425 Dei fleste av artane hekkar i hòlrom i tre, anten i levande eller daude tre. Naturlege hòl i tre kan nyttast, særleg i daude tre, elles hòl laga av andre artar, i Mexico kan soldatara framleis gjere nytte av reirplassar laga av den no kritisk truga arten keisarspett. I tillegg til å hekke i tre, kan soldatara og grønvengara òg hekke i naturlege sprekkar i fjell. Raudøyreara har bergsprekkar som einaste hekkehabitat, det manglar store nok tre i utbreiingsområdet deira.Lanning, D (1991) " Distribution and breeding biology of the Red-fronted Macaw ". The Wilson Journal of Ornithology 103 (3): 357-365 Artslista Ara i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Ara (genus)» frå , den 20. februar 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen