Sir George Paget Thomson () var ein engelsk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med Clinton Joseph Davisson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».
Biografi Han var i 1922 professor i Aberdeen, og frå 1930 til 1952 ved Imperial College i London. Frå 1952 til 1962 var han master of Corpus Christi College i Cambridge. I 1927-1928 påviste han bøying av elektronstråler i krystall og stadfesta dermed teorien til de Broglie om materiebølgjer. For dette arbeidet fekk han saman med amerikanaren C. J. Davisson Nobelprisen i fysikk for 1937. Thomson vart i 1940 formann for den britiske regjeringa sin første komité for for kjerneenergi, Maud-komiteen, og oppretta samarbeidet med USA om utviklinga av atombomba. I 1946 starta han nokre av dei første forsøka på kontrollert fusjon.
Han var son av fysikaren og nobelprisvinnararen J. J. Thomson.
Prisar (utval) – Nobelprisen i fysikk 1960 – Faradaymedaljen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «George Paget Thomson» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
George Paget Thomson. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/George_paget_thomson
Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Cambridge Kategori:Britar frå fyrste verdskrigen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Britiske kjernefysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Royal Medal Kategori:Fysikarar på 1900-talet