Chen Ning Franklin Yang () var ein kinesisk-amerikansk fysikar.
Yang er kjend for teoretiske undersøkingar av symmetriprinsipp og for arbeid innan statistisk mekanikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1957 saman med Tsung-Dao Lee for teoriane deira om at den svake vekselverknaden ikkje hadde paritetssymmetri (speglsymmetri). Chien-Shiung Wu stadfesta teorien eksperimentelt.
Han tok utdanninga si i Kunming. Frå 1946 studerte han hos E. Fermi ved University of Chicago, og vart i 1949 knytt til Institute for Advanced Study ved Princeton. Frå 1955 til 1965 var han professor same stad, og sidan 1966 Albert Einstein-professor ved State University of New York i Stony Brook.
Prisar og utmerkingar (utval) – Nobelprisen i fysikk – Albert Einstein-medaljen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chen Ning Yang» frå , den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kinesiske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Folk frå Hefei Kategori:Kinesiske nobelprisvinnarar Kategori:Kinesisk-amerikanarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Teoretiske fysikarar