Philip Warren Anderson () er ein amerikansk fysikar. Han vart utdanna ved Harvard, og var elev av John van Vleck. Anderson var professor ved Cambridge University i London frå 1967 til 1975 og assisterande direktør ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey i 1975-1976 og frå 1976 konsultativ direktør same stad. Frå 1975 var han professor ved Princeton University.

Anderson vidareutvikla van Vleck sine idear og forklarte korleis lokale magnetiske moment kan opptre i metall som i rein form er umagnetiske, til dømes kopar og sølv. Han har òg levert vesentlege bidrag til kunnskapen om uordna system.

I 1977 fekk han Nobelprisen i fysikk saman med Nevill Francis Mott frå Storbritannia og John H. van Vleck frå USA «for det grunnleggande teoretiske arbeidet deira med elektronisk struktur i magnetiske og uordna system».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Philip Warren Anderson» frå , den 22. februar 2012. Philip Warren Anderson (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Indiana Kategori:Folk frå Illinois Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Elevar ved Harvard University Kategori:National Medal of Science Kategori:Forskarar ved Bell Labs Kategori:Teoretiske fysikarar