Georges Charpak () var ein polsk-fransk fysikar.

Charpak vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1992 for oppfinninga hans og utviklinga av partikkeldetektorar, spesielt trådkammeret.

Oppfinninga til Charpak mogleggjorde oppdaginga av særs kortliva og sjeldne partiklar. Detektoren leverer data direkte til tilkopla datamaskiner som kan analysere store mengder data. Dette gjer det mogeleg å studere forløp med både større oppløysing og tettare tidsintervall enn det som tidlegare var mogeleg med for døme boblekammer.

Charpak tok doktorgrad i kjernefysikk ved Collège de France i Paris i 1954, og byrja å jobbe ved CERN i Geneve i 1959. I 1984 vart han Joliot-Curie professor ved École Supérieure de Physique et Chimie i Paris, og i 1985 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet.

Bøker La vie à fil tendu,Saman med Dominique Saudinos (1993 Odile Jacob, ISBN 2-7381-0214-X) Devenez sorciers, devenez savanns, saman med Henri Broch (Odile Jacob, ISBN 90-581-4005-9)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Georges Charpak» frå , den 22. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Nobelprize.org, Georges Charpak - Curriculum Vitae

Kategori:Franske fysikarar Kategori:Polske fysikarar Kategori:Kjernefysikarar Kategori:Fysikkprofessorar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Polske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Polske jødar Kategori:Franske jødar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN