David Morris Lee () er ein amerikansk fysikar ved Yale University frå 1959. Lee mottok Nobelprisen i fysikk i 1996. Grunngjevinga til Kungliga Vetenskapsakademien for Nobelprisen var oppdaginga av superfluid i helium-3. Han delte prisen med landsmennene Douglas D. Osheroff og Robert C. Richardson.
På byrjinga av 1970-talet arbeidet Lee, Osheroff og Richardson i lågtemperaturlaboratoriet ved Cornell University. Her oppdaga dei at heliumisotopen helium-3 kan bli superfluid ved ein temperatur som berre ligg rundt to tusendeler av ein grad over det absolutte nullpunktet. Dette superfluide kvantehydrogenet skil seg frå den som vart oppdaga og studert på 1930-talet, og som hadde rundt tusen gonger høgare temperatur enn den normale heliumisotopen helium-4. Den nye forma av helium-3 har særs spesielle eigenskapar som ikkje kan forklarast med klassisk fysikk, men krev kvantefysikkalske forklaringar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Morris Lee» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Westchester County i New York Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet