Makoto Kobayashi () er ein japansk fysikar som er mest kjend for arbeidet sitt med CP-brot. Han delte halvparten av prispengane frå Nobelprisen i fysikk i 2008 saman med Toshihide Maskawa «for oppdaginga av opphavet til den brotne symmetrien som føreseier eksistensen av minst tre kvarkefamiliar i naturen». Den andre halvparten av prispengane vart tildelt Yoichiro Nambu «for oppdaginga av mekanismane for spontant symmetribrot i subatomær fysikk».
Etter å ha fullført doktorgraden sin ved universitetet i Nagoya i 1972 jobba Kobayashi med forsking som førsteamanuensis på partikkelfysikk ved universitetet i Kyoto. Der arbeidde han for det meste med å forklare CP-brot i standardmodellen for partikkelfysikk. Kobayashi arbeidde frå 1979 ved akseleratoranlegget High Energy Accelerator Research Organization (KEK), der han vart professor i 1989 og professor emeritus i 2006.
I 2008 vart Kobayashi tildelt Japans Order of Culture i ein seremoni som vart heldt på Tokyo Imperial Palace.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Makoto Kobayashi» frå , den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Japanske fysikarar Kategori:Japanske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Nagoya Kategori:Teoretiske fysikarar