Eit kupp er ei snøgg politisk omvelting der ein avset den gjeldande makthavaren i strid med loven eller retningslinjene.
Kupp skjer ofte svært brått og skuldast vanlegvis at delar av makteliten (militære eller politikarar) gjer opprør: militærkupp, statskupp. Kuppmakarar er ofte ei lita gruppe «ovanfrå», t.d. militære leiarar eller politiske kollegaer, som ikkje nødvendigvis har medhald frå folket, slik opprørarane «nedanfrå» i ein revolusjon har.Store norske leksikon (2005-2007): statskupp i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. september 2024.
Eit mislukka kupp blir kalla eit kuppforsøk.
Eit ofte nytta fransk ord om militærkupp er Coup d’état, og eit mindre brukt tysk ord er Putsch.
Kjende kupp Oktoberrevolusjonen i Russland i 1917 Den kommunistiske revolusjonen i Kina i 1949 Den fascistiske marsjen mot Roma i 1922 Militærkuppet i Hellas i 1967 Militærkuppet i Chile i 1973 Militærkuppet i Brasil i 1964
Kjelder
kategori:statsvitskap