John Hasbrouck Van Vleck () var ein USA-amerikansk fysikar og matematikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med landsmannen Philip Warren Anderson og briten Neville Francis Mott «for sine grunnleggjande teoretiske utforskingar av den elektroniske strukturen til magnetiske og uorganiserte system».
John Hasbrouck Van Vleck vart fødd i Middletown i Connecticut, men voks opp i Madison, Wisconsin. Han var av nederlandsk ætt, og både far og farfar hans var kjende matematikarar. Etter å ha studert ved University of Wisconsin–Madison, tok han doktorgrad ved Harvard University som han fullførte i 1922. Han slo seg til slutt til ro som fysikkprofessor ved Harvard, og han skreiv mykje faglitteratur.
Prisar og utmerkingar (utval)
1966: National Medal of Science 1971: Elliott Cresson-medaljen 1974: Lorentzmedaljen 1977: Nobelprisen i fysikk Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «John Hasbrouck Van Vleck» frå , den 24. februar 2012.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk kategori:USA-amerikanske matematikarar kategori:Folk frå Connecticut kategori:Folk frå Wisconsin kategori:Fysikkprofessorar kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Lorentz-medaljen Kategori:Medlemmar av Royal Society