Seks sonatar for klaver og fiolin av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 26-31, vart komponerte tidleg i 1766 i Haag under danningsreisa til familien Mozart i Europa. Dei vart dediserte til prinsesse Caroline av Nassau-Weilburg i høve 18-årsdagen til bror hennar, prinsen av Oranien.Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 94-108, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4. Dei vart publiserte som Mozarts «Opus 4».

Desse verka syner ein framgang i komposisjonsteknikk i forhold til setta frå Paris (KV 6-9) og London (KV 10-15), sjølv om dei hovudsakleg vert dominerte av klaver og fiolinen kan reknast som valfri.

Mozart komponerte alle tre setta medan han reiste i Nordvest-Europa. Desse sonateformene vart ikkje føretrekte i heimebyen Salzburg. Mozart gjekk ikkje attende til denne sjangeren før 1777-78 på ei reise til Mannheim og Paris.

Sonate i Ess, K. 26

Allegro molto Adagio poco andante Rondeaux (Allegro)

Sonate i G, K. 27

Andante poco adagio Allegro

Sonate i C, K. 28

Allegro maestoso Allegro grazioso

Sonate i D, K. 29

Allegro molto Menuetto and Trio

Sonate i F, K. 30

Adagio Rondeaux (Tempo di Menuetto)

Sonate i B, K. 31

Allegro Tempo di Menuetto (Moderato)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Violin Sonatas, KV 26-31 (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

MozartForum notes on early Mozart compositions

026-031