Milanokvartettane var seks strykekvartettar, K. 155-160, komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1772 og tidleg i 1773. Fordi dei vart komponerte i Milano medan han arbeidde på operaen Lucio Silla, har dei fått namnet Milanokvartettane. Før dette settet vart komponert, hadde Mozart bere skrive ein strykekvartett tidlegare (K. 80 i 1770), så desse seks kvartettane fekk nummera 2 til 7. Kvartettane vart skrivne i nøklane D-G-C-F-B-E.
Alle dei seks kvartettane har berre tre satsar kvar. Fire av desse kvartettane (K. 156-159) har langsame satsar i moll. Finalane er generelt lette, og vanlegvis menuettar eller rondoar.Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780. W.W. Norton & Company (ISBN 0393965333), p. 561-562 (1995).
Milanokvartettane Kvartett nr. 2 i D-dur, K. 155 Skriven hausten 1772 i Bolzano. Allegro Andante Molto allegretto
Kvartett nr. 3 i G-dur, K. 156 Skriven mot slutten av 1772 i Milano.
Presto Adagio Tempo di minuetto
Kvartett nr. 4 i C-dur, K. 157 Skriven mot slutten av 1772 i Milano og premiert tidleg i 1773.
Allegro Andante Presto
Kvartett nr. 5 i F-dur, K. 158 Skriven tidleg i 1773 i Milano.
Allegro Andante un poco allegretto Tempo di minuetto
Kvartett nr. 6 i H-dur, K. 159 Skriven tidleg i 1773 i Milano.
Andante Allegro Rondo
Kvartett nr. 7 i Ess-dur, K. 160 Skriven tidleg i 1773. Den andre satsen er kjend for den opninga utan grunntone.
Allegro Un poco adagio Presto
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Milanese Quartets (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
#02-07 Kategori:Musikk i 1772 Kategori:Musikk i 1773