Rakituma / Preservation Inlet er den sørlegaste fjorden i Fiordland National Park, og ligg ved det sørvestlege hjørnet til Sørøya på New Zealand, i regionen Southland.
Geografi Preservation Inlet er ein lang og trong fjord som strekkjer seg i nordaustleg retning mellom Gulches Head i nord og Puysegur Point i sør. Coal Island ligg ved innløpet. Den inste armen vert kalla Long Sound, som er utløpet til elva Long Burn.Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. s. 355-56
Ein større del av det indre Preservation Inlet er eit verna område innanfor Te Tapuwae o Hua (Long Sound) Marine Reserve.
Historie Staden var kjend av tidlege sel-s og kvalfangarar, og fekk namnet sitt av kaptein Eber Bunker i 1809. Den første landbaserte kvalfangststasjonen på New Zealand vart etablert her i 1828New Zealand Encyclopaedia 1966: Shore-based whaling eller 1829, og dreiv fangst av sørkaper (engelsk Southern Right Whale) ((Eubalaena australis) i dette området. I 1900 vart ein busetnad med namnet Cromarty etablert i Kisbee Bay. Det var meininga å dra nytta av både gullfunn i 1890-åra og fiske, men dette vara ikkje så lenge, og i dag er det få leivningar att av busetnaden.Wises New Zealand Guide, 7. utg., 1979. s. 77
Det offisielle namnet på staden blei endra frå Preservation Inlet til Rakituma / Preservation Inlet i 2019.
Økologi Etter ein massiv fangst gjennom mange år, er sørkaperkval/sørleg rettkval (rettkvalfamilien) endeleg starta å koma attende til staden. Der er uverifiserte observasjonar av hektordelfinar i området.
Tilkomst Der er ingen vegar langs kysten på denne staden. Men ei turrute hit går frå Tuatapere. Der er også åtkome til fjorden sjøvegen og med fly.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Preservation Inlet» frå , den 29. februar 2012.
Kategori:Fiordland Kategori:Fjordar på New Zealand Kategori:Southland på New Zealand