Serenade nr. 13 for strykarar i G-dur, K. 525 vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1787. Verket er meir kjend under namnet Eine kleine Nachtmusik. Den tyske tittelen tyder «ein liten serenade», men vert ofte omsett meir unøyaktig til «litt nattmusikk»Sjå "Nachtmusik" og "Notturno" i Grove Music Online. Verket er skriven for eit kammerensemble med to fiolinar, bratsj, og cello og stundom kontrabass, men vert ofte framført av eit strykeorkester.Holoman (1992, 397)
Komposisjon og mottaking
Serenaden vart gjort ferdig i Wien den 10. august 1787, kring tida då Mozart arbeidde på den andre akta av operaen Don Giovanni. Det er ikkje kjend kvifor stykket vart komponert. Hildesheimer (1991, 215), skriv at dei fleste serenadane til Mozart vart skrivne på bestilling.
Den kjende tittelen på verket kjem frå Mozart sjølv, som nytta dette namnet i den personlege katalogen hans. Verket vart først publisert kring 1827, lenge etter Mozart var død, av Johann André i Offenbach am Main. Det hadde blitt seld til denne forleggaren i 1799 av enka til MozartConstanze, i lag med mange andre av komposisjonane til ektemannen.
I dag er serenaden mykje spelt og både Jacobson (2003, 38) og Hildesheimer (1992, 215) meiner at serenaden er det mest populære av alle verka til Mozart.Hildesheimer (1992, 215)
Satsar Verket har fire satsar: Allegro Romanze: Andante Menuetto: Allegretto Rondo: Allegro
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eine kleine Nachtmusik» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Hildesheimer, Wolfgang (1991) Mozart. Translated by Marion Faber. Macmillan. ISBN 0374522987. Holoman, D. Kern (1992) Evenings with the orkester: a Norton companion for concertgoers. W. W. Norton & Company. ISBN 0393029360. Jacobson, Julius H. (2003) The classical music experience: discover the music of the world's greatest låtskrivarar, Volume 2, narrated by Kevin Kline, Sourcebooks, Inc. ISBN 1570719500. Zaslaw, Neal and Cowdery, W. (1991) The Compleat Mozart: A Guide to the Musical Works of Wolfgang Amadeus Mozart, Norton. (1991), ISBN 0-393-02886-0.
Bakgrunnsstoff
Serenade 13 Kategori:Kammermusikk Kategori:Musikk i 1787