Den store messa i c-moll (tysk Große Messe in c-Moll), K. 427 (K. 417a), er ei messe av Wolfgang Amadeus Mozart. Messa i c-moll vart komponert i 1782 og 1783 i Wien. Det storskala verket, skriven for to sopransolistar, ein tenor og ein bass, dobbelt kor og stort orkester, vart aldri skriven ferdig.

Mozart skreiv i eit brev til faren at han skreiv messa i takksemd over at forloveden Constanze hadde vorte frisk att etter ein sjukdomsperiode. Verket er ufullstendig og manglar heile Credoen og heile Agnus Dei-delen. Sanctus-delen har delvis gått tapt. Sidan treng heile teksten for å liturgisk bruk, er det truleg at Mozart sette inn delar frå tidlegare messer.

Struktur Kyrie (Andante moderato: Kor og sopran) Gloria Gloria in excelsis Deo (Allegro vivace: Kor) Laudamus te (Allegro aperto: Sopran II) Gratias agimus tibi (Adagio: Kor) Domine Deus (Allegro moderato: Sopranar I og II) Qui tollis (Largo: Dobbelt kor) Quoniam tu solus (Allegro: Sopran I og II, tenor) Jesu Christe (Adagio: Koral) – Cum Sancto Spiritu (kor) Credo Credo in unum Deum (Allegro maestoso: kor) Et incarnatus est (Andante: Sopran I) Sanctus (Largo: Dobbelt kor) Benedictus qui venit (Allegro comodo: Kvartett og dobbelt kor)

Messa vart nytta i den Oscarnominerte animasjonsfilmen The Triplets of Belleville i ein scene då karakterane er til sjøs. Han vart òg nytta i A Man Escaped ogDonald Richie, "Bresson and Music" Robert Bresson ed. James Quandt. Toronto: Toronto International Film Festival Group (1998): It dramaserien A Very British Coup der Credoet vart nytta som kjenningsmelodi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press. Solomon, mainard (1995) Mozart: A Life. HarperCollins. Black, David (2007) "Mozart and the Practice of Sacred Music, 1781–91". PhD diss., Harvard University, 84–126.

Bakgrunnsstoff

Text and translation h2g2 article on the Große Messe Mozart, Great Mass in C minor, preface (german/english) of the completion by Benjamin-Gunnar Cohrs (2010)

Kategori:Musikk i 1783 417a