Karl Philipp Stamitz (tsjekkisk Karel Stamic) (), som seinare endra namnet sitt til Carl, var ein tysk komponist av delvis tjskkisk opphav (mora var tysk). Han var ein virtuos på fiolin, bratsj og viola d'amore virtuoso. Han var den fremste representanten for den andre generasjonen av den såkalla Mannheimskulen.
Han var den første komponisten som spesifiserte ein venstrehands pizzicato (ein viktig virtuos teknikk) i ein komposisjon.Eduard Melkus: Italienische Merkmale in der Mannheimer Violintechnik., s. 200-207 in: (Würtz, 1984) Dette skjer i den kjende Bratsjkonserten i D-dur, der passasjane det er snakk om er merkte med ein «0» over notane. Dette skjedde tiår før Paganini gjorde det same med ein «X» over notane.
Som ein god komponist med ulasteleg musikalsk herkomst og trening, vert han særleg hugs for dei melodiøse klarinett- og bratsjkonsertane som framleis vert framførte i dag. Sjølv om han var ein talentfull og produktiv komponist, klarte han aldri å få ei stilling hos ein av dei store fyrstane eller orkestera på den tida. Han døydde i fattigdom som musikklærar i ein liten by. Dei siste leveåra vende han seg mot alkymi for å prøve å lage gull.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Carl Stamitz» frå , den 2. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Blume, Friedrich, Hrsg. Die Musik in Geschichte und Gegenwart. Allgemeine Enzyklopädie der Musik. Ungekürzte elektronische Ausgabe der ersten Auflage. Kassel: Bärenreiter, 1949-1987. Randel, Don Michael, ed. The Harvard Biographical Dictionary of Music. Cambridge, Massachusetts: The Belknap Press of Harvard University Press, 1996. Slonimsky, Nicolas, ed. Baker's Biographical Dictionary of Musicians. 5th Completely Revised Edition. New York, 1958. Walther Killy, Rudolf Vierhaus, Hrsg. (ed.) Deutsche Biographische Enzyklopäde (German Biographic Encyclopaedia). Bd. (Vol.) 5. K-G. 10 Bde. (Vols.) Munich: KG Saur, 1999. ISBN 3598231865 Würtz, Roland, Hrsg. (red.) Mannheim und Italien - Zur Vorgeschichte der Mannheimer. Mainz: Schott, 1984. ISBN 3795713269
Bakgrunnsstoff
Carl Stamitz and the viola ved Viola in music
Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tsjekkiske komponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Tyske fiolinistar