Moi er administrasjonssenter i Lund kommune. Tettstaden Moi har eit folketal på kring 1700. Den største arbeidsgjevaren er NorDan, den største vindaugefabrikken i Nord-Europa. Moi har òg Noreg sin einaste treskofabrikk og Bjøllefabrikken som produserer kubjøller.
Moi ligg ved nordenden av Lundevatnet, ein av dei djupaste innsjøane i Noreg.
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»
Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Geografi i Lund