Aethia er ei biologisk slekt av fire alkeartar med vide leveområde i nordlege Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, og er blant nokre av de mest talrike sjøfuglane langs kystar av Nord-Amerika.Gaston, A.J. and Jones, I.L. 1998. The Auks: Alcidae. Oxford University Press, New York. Tre av artane i slekta har samnamnet dvergalke på norsk. Omgrepet 'dvergalke' blir òg brukt om alle fire i slekta og om Ptychoramphus, sotalke.dvergalker. (2012-03-04) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/dvergalker Ettersom dvergalker er kolonihekkarar med reirplass inne i ur og bergsprekker, er dei trua av innvandrande predatorar som fjellrev og brunrotter.
Skildring Dette er små sjøfuglar, ca. 15 til 24 centimeterArtsskildringar på nettstaden http://www.planetofbirds.com/ og ca. 85-330 gram i vekt.
Dvergalker er vanlegvis særs sosiale og hekkar i tette koloniar, unnataket er papegøyealker som er meir spreidde. Alle har ei form for ornamentikk i andletet, til dømes fjører ved øyro, store fjørtoppar som hos praktdvergalker og toppdvergalker, og toppdvergalker og praktdvergalke har ein mandarinliknande lukt som kan fungere i partnarvalJones, I.L. and Hunter, F.M., 1993. Mutual sexual selection in a monogamous seabird. Nature 362, 238-239. eller til gjenkjenning, men dette krev meir forsking.Byrd, G.V., Renner, H.M. and Renner, M. 2005. Distribution patterns and population trends of breeding seabirds in the Aleutian Islands. Fisheries Oceanography 14:139-159.
Alle Aethia-alker legg eit kvitt egg i ei naturleg bergkløft og rugar i 25-36 dagar. Etter klekking er ungen dels og sjølvhjelpt og blir flygedyktige etter 25-35 dagar.Ydenberg, R.C. 1989. Growth-mortality trade-offs and the evolution of juvenile life histories in the Alcidae. Ecology 70:1494-1506. Han er kjønnsmoden etter 3 -5 år.Jones, I.L., Hunter, F.M., Robertson, G.J., Williams, J.C. and Byrd, G.V. 2007. Covariation among demographic and climate parameters in Whiskered Auklets Aethia pygmaea. Journal of Avian Biology 38:450-461. Storleikane på koloniane er svært variable, og spenner frå mindre enn 100 individ til over ein million. Toppdvergalker har tendens til å hekke i større tettleik enn papegøyealker og praktdvergalker.Byrd, G.V., Renner, H.M. and Renner, M. 2005. Distribution patterns and population trends of breeding seabirds in the Aleutian Islands. Fisheries Oceanography 14:139-159.
Dvergalker er hovudsakleg planktonetarar, tar for seg av ei rekkje calanoide hoppekreps, kril og andre virvellause dyr som stormaneter og ribbemaneter.
Utbreiing Aethia-alker har kjende asiatiske koloniar i Kurilane, Kommandørøyane, langs Kamtsjatkahalvøya og Tsjuktsjarhalvøya. I Nord-Amerika finst store koloniar er i Aleutane til Alaskabukta og nord til øyane i Beringhavet.
Dvergalker er mykje stadegne, òg på val av reirplass, sjølv om opptil 33 % av para av flekkdvergalke og toppdvergalke kan vere oppløyste når begge partnarane har overlevd.
Vinterutbreiinga av dvergalker er lite kjent. Flekkdvergalker overvintrar sannsynlegvis nær hekkekolonianeWilliams, J.C., Byrd, G.V. and Konyukhov, N.B. 2003. Whiskered Auklets Aethia pygmaea, foxes, humans and how to right a wrong. Marine Ornithology 31:175-180. og mange har vore observerte ved Aleutane om vinteren.Murie, O.J. 1959. Fauna of the Aleutian Islands and Alaska Peninsula. North American Fauna 61:1-364. Dvergalker frå det nordlege Beringhavet må flytte lengjer sør på grunn av pakkis rundt hekkekoloniane i løpet av vinteren.
Vern Fordi dei hekkar i ur og bergsprekker, er dvergalker sårbare for predasjon frå rottar,Atkinson, I.A.E. 1985. The spread of commensal species of Rattus to oceanic islands and their effects on island avifaunas. In Moors, P.J. (eds.). 1985. Conservation of Island Birds. ICBP Technical Publication No. 3, Cambridge. og har vorte utrydda frå nokre øyar der fjellrev er innført for oppdrett.Bailey, E.P. 1993. Introduction of foxes to Alaskan islands - history, effects on avifauna, and eradication. Fish and Wildlife Series Resource Publication 193. United States Department of the Interior, Fish and Wildlife Sercice, Washington, DC. Utrydding av rottar frå Rat Island i Aleutane vart avslutta i 2008 og 2009.U.S. Fish & Wildlife Service. 2007. Restoring wildlife habitat on Rat Island. Environmental Assessment, Alaska Maritime National Wildlife Refuge, Anchorage AK. 141pp
Den store kolonien på Sirius Point, øya Kiska, opplevde nesten komplett svikt i hekking i 2001 og 2002 på grunn av rottepredasjon og uroing.Major, H.L., Jones, I.L., Byrd, G.V. and Williams, J.C. 2006. Assessing the effects of introduced Norway rats (Rattus norvegicus) on survival and productivity of Least Auklets (Aethia pusilla). Auk 123:681-694.
Artslista Dvergalker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Papegøyealke, Aethia psittacula - 1 - 2 millionar individ i verdspopulasjonen Flekkdvergalke, Aethia pusilla - 24 millionar Praktdvergalke, Aethia pygmaea - 100 000 - 250 000 Toppdvergalke, Aethia cristatella - 5 - 10 millionar Slektstilhøvet mellom artane av verklege dvergalker enno uklåre.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Aethia» frå , den 4. mars 2012
Referansar
Kategori:Alkefamilien Kategori:Fugleslekter