Isorno er ei elv i Italia og Sveits og ei sideelv til Melezzo Orientale.

Elva spring ut i Italia nær Pioda di Crana. Ho renn gjennom Bagni, ein frazione i Craveggia, før ho renn inn i Sveits gjennom Onsernone, Mosogno, Isorno og Intragna, der ho munnar ut i Melezzo Orientale.

Dalen hennar er lett å nå frå Lugano, Bellinzona, Domodossola og Locarno og er ein av dei mest urørte i Sveits. Det er gjort forslag om å gjere dalen til ein nasjonalpark på lik linje med Engadin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isorno (river)» frå , den 7. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Tekst frå tilsvarande artikkel på Italiensk Wikipedia.

Kategori:Po Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Elvar i Ticino Kategori:Elvar i Italia