Val Curciusa er ein fjelldal i Graubünden i Sveits. I området ved San Bernardino-passet knyter han saman Rheinwalddalen og Misoxdalen.
Val Curciusa går sørover frå Nufenen i retning mot Misoxdalen, og endar opp ved Bocchetta di Curciusa, ein fjellovergang, som er mogeleg å sjå direkte frå San Bernardino mot søraust. Dalen er kring 9 km lang og vert drenert av elva Areua, som munnar ut i Hinterrhein ved Nufenen.
Sjølv om dalen drenerer mot nord, er om lag 85 % av området, fram til om lag 2 km før samløpet mellom Areua og Hinterrhein, i kommunen Mesocco sør for nedslagsfelt.
Dei høgaste fjelltoppane på austsida av dalen er Pizzo Tambo, sør for Areuapasset og Guggernüll, nord for passet. Dei høgaste toppane på vestsida er Piz de la Lumbreida, sør for stien til Val Vignun og Einshorn nord for stien.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Val Curciusa» frå , den 8. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Den tyske versjonen av artikkelen
Bakgrunnsstoff
Curciusa Curciusa Kategori:Dalar i Alpane