Luigi Pirandello () var ein italiensk forfattar. Han blir rekna som ein av dei viktigaste dramatikarane på 1900-talet og fekk i 1934 Nobelprisen i litteratur «för hans djärva och sinnrika nyskapelse av dramats och scenens konst.»"for his bold and ingenious revival of dramatic and scenic art".Nobeltildelinga 1934 på nobelprize.org

Liv Pirandello var frå i Girgenti, dagens Agrigento, på Sicilia. Faren dreiv ei svovelgruve og Pirandello blei fødd på det lille godset Caos (dvs. «Kaos») ved Agrigento. Han voks opp i Agrigento og Palermo. Allereie i skoletida gav han ut dei første litterære forsøka sine. Han studerte romanistikk i Roma i 1888-1889 og i Bonn i åra 1889 til 1891. Etter avlagt eksamen arbeidde han som universitetslektor.

I 1892 slo han seg ned i Roma og arbeidde som fri forfattar og arbeidde som journalist. Seinare fekk han arbeid ved det pedagogiske akademiet i Roma og blei i 1907 utnemnd til professor. Den første suksessen fekk Pirandello med romanen Mattia Pascal (1904). I 1910 tok han til å skrive skodespel og vann seg etter kvart verdensry som dramatikar. I 1924 opna han sitt eige teater, Teatro d'Arte, i Roma. På grunn av manglande økonomisk suksess reiste han på turnear gjennom Europa og Sør-Amerika. Teatergruppa blei oppløyst i 1928.

Verk Pirandello skreiv hovudsakleg skodespel, men også kortare forteljingar og noveller som fekk mykje positiv merksemd. Romanen Mattia Pascal som i dag står på mange pensumlister blir rekna til dei viktigaste italienske romanane og grunnsteinen for den moderne italienske litteraturen. I novellene utvikla han ofte tankane sine i form av sicilianske legender eller italienske hendingar. Pirandello skreiv over 350 noveller, hovudsakleg med realistiske tema frå italiensk og siciliansk kvardagsliv. Lyrikken hans fekk mindre merksemd.

Filmen Kaos (1984) regissert av Paolo og Vittorio Taviani bygger på fem av Pirandello sine noveller. Temaet er den fattige landarbeidarklassen på Sicilia rundt år 1900.

Verk mini|Byste over Pirandello i ein park i Palermo Skodespel Pensaci Giacomino! 1918. Omsett til norsk i 1963: Tenk deg om, Giacomino Così è (se vi pare), 1918. Omsett til norsk i 1967: Som du vil ha meg Tutto per bene, 1920 Come prima meglio di prima, 1921 Sei personaggi in cerca d'autore, 1921. Omsett til norsk i 1966: Seks personer søker en forfatter L'uomo, la bestia e la virtu, 1922 La signora Morli una e due, 1922 Enrico IV, 1922. Omsett til norsk i 1957: Henrik IV La vita che ti diedi, 1924 L'innesto Il giuoco delle parti Il berretto a sonagli Sagra del signore della nave L'altro figlio La giara Il piacere dell'onesta La ragione degli altri Ma non e una cosa seria Vestire gli ignudi. Omsett til norsk i 1964: For å skjule sin nakenhet L'imbecile L'uomo dal fiore in bocca. Omsett til norsk i 1993: Mannen med blomsten i munnen All'uscita Lumie di Sicilia Cece La patente Diana e la Tuda Il dovere del medico La morsa L'amica delle mogli La nuova colonia Liolà O di uno o di nessuno Lazzaro Questa sera si recita a soggetto Come tu mi vuoi Trovarsi, 1932. Omsett til norsk i 1963: Å finne seg selv Quando si e qualcuno Non si sa come I giganti della montagna, 1937 Samleutgåve: Maschere nude, 31 bind, 1920-1935

Romaner L'Esclusa, 1893 Il Turno, 1902 Erba del nostro orto, 1915 Il Fu Mattia Pascal, 1904. Omsett til norsk i 1935: Avdøde Mattias Pascal Uno, Nessuno e Centomila, 1926

Noveller Novelle per un anno, 15 bind, 1922-1937 Sol og skygge er eit utval noveller utgjevne på norsk i 1995. ISBN 82-05-22798-5

Dikt Mal Giocondo Pasqua di Gea Elegie Renane La Zampogna Fiore di Chiave

Sakprosa Saggi critici, 1939 L'umorismo. Omsett til norsk i 1994: Om humor. ISBN 82-530-1682-4

Pirandello i Noreg Fleire av Pirandello sine teaterstykke er oppførte på Nationaltheatret: Seks personer søker en forfatter (1926, instruktør Johanne Dybwad) Alle har rett (1938, instruktør Agnes Mowinckel) For å skjule sin nakenhet (1948, instruktør Gerda Ring) Å finne seg selv (1963, instruktør Ellen Isefiær) Seks personer søker en forfatter (1967, instruktør Ingmar Bergman)

Litteratur Thomas Klinkert og Michael Rössner (red.): Zentrum und Peripherie: Pirandello zwischen Sizilien, Italien und Europa. Erich Schmidt Verlag, Berlin 2006, ISBN 978-3-503-07979-7 Henning Mehnert: Pirandellos „Enrico IV“ und das Problem der multiplen Persönlichkeit. I Germanisch-Romanische Monatsschrift. 1978, s. 325ff. Cornelia Klettke: Luigi Pirandello, Sei personaggi in cerca d’autore. I Manfred Lentzen (red.), Italienisches Theater des 20. Jahrhunderts in Einzelinterpretationen. Erich Schmidt Verlag, Berlin 2008, pp. 87-113.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Alle verka av Pirandello på Pirandelloweb Pirandellozentrum i München Verk av Pirandello på IntraText digitale bibliotek Ulrich Schulz-Buschhaus: Sekundärliteratur zu Luigi Pirandello Nobeltildelinga 1934 på nobelprize.org

Kategori:Italienske forfattarar Kategori:Italienske dramatikarar Kategori:Italienske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Agrigento