Ingebjørg Winjum ()Profil hjå nettsida til TV 2 nyhetene er ordførar i Granvin herad i Hardanger frå 2011 og attvald for perioden 2015–2019.

Winjum representerer Venstre og overtok ordførarvervet etter Jan Ivar Rødland (Ap). På grunn av protestane mot bygginga av «monstermastene» i Hardanger - kraftlinjeutbygginga frå Hardanger til Bergen - stilte ikkje Arbeidarpartiet liste i kommunevalet 2011. Mange veljarar i Granvin måtte difor finna seg eit nytt parti.Nrk.no, 12.09.11: Fikk «alle» Ap-stemmene i Granvin.

Ingebjørg Winjum er utdanna sosionom og er busett i Såkvitne i Øvre Granvin. Ho har uttalt at hennar viktigaste sak er å auka folketalet i heradet.Avisa Hordaland, 10.09.11: Motivert for å styra Granvin

Fotnotar

Kategori:Venstreordførarar i Hordaland Kategori:Folk frå Granvin Kategori:Ordførarar i Granvin