Stig Sæterbakken () var ein norsk skjønnlitterær forfattar og omsetjar, og sakprosaforfattar. Han var fødd på Lillehammer og budde storparten av livet her. Frå 2006 og fram til oktober 2008 var han kunstnerisk leiar av den årlege Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, som vert arrangert i byen.
Stig Sæterbakken debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyer allereie i 1984, berre 18 år gamal, medan han var elev ved Lillehammer gymnas. Som romanforfattar debuterte han i 1991 med romanen Incubus. Han er rekna som ein av dei mest sentrale norske og nordiske skjønnlitterære forfattarane i det fyrste tiåret av 2000-talet.
Stig Sæterbakken hadde òg ein karriere som musikar i ulike band.
Romanar, diktsamlingar og essays Flytende paraplyer. Dikt, 1984 Sverdet ble til et barn. Dikt, 1986 Vandrebok. Fortellingar, 1988 Incubus. Roman, 1991 Det nye testamentet. Roman, 1993 Estetisk salighet . Essays, 1994 Siamesisk. Roman, 1997 Selvbeherskelse. Roman, 1998 Sauermugg. Roman, 1999 Det onde øye. Essays, 2001 Kapital. Roman, 2003 Besøket. Roman, 2006 Usynlige hender. Roman, 2007 Ja. Nei. Ja. Essay, 2009 Ikke forlat meg. Roman, 2009 Dirty Things. Essays, 2010 Umuligheten av å leve. Essay, 2010 Gjennom natten. Roman, 2011 Det fryktinngydende, 2011 De Press: Block to Block. Sakprosa, 2011 Essays i utvalg, 2012 (Utval av tekster frå essaysamlingane Estetisk salighet (1994), Det onde øye (2001) og Dirty Things (2010), og dessutan Sacred Tears, som her vert publisert i bokform for fyrste gongen.)
Omsetjingar og attdiktingar Ján Buzássy: Midlertidig evighet. 1989. (Saman med Ivan Cicmanec) Ján Ondrus: Ansiktet mitt signerer jeg ikke. 1995. (Saman med Ivan Cicmanec) Ivan Kupec: Samtaler med skygger. 2000. (Saman med Ivan Cicmanec) Edgar Allan Poe: Mannen fra mengden og andre noveller. 2000 Nikanor Teratologen: Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen. 2007
Prisar og utmerkingar 1991: Oppland fylkeskommunes kunstnerstipend 2006: Osloprisen for Besøket 2007: Kritikerprisen for beste omsetting, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen 2007: Bokklubbenes oversetterpris, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen 2011: P2-lytternes romanpris for Gjennom natten 2011: Ungdommens kritikerpris for Gjennom natten
Sjå òg Stig Sæterbakkens minnepris
Bakgrunnsstoff Om Stig Sæterbakkken på forlaget Cappelen Damm
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen