mini|Hjula Væverier ved ein foss i Akerselva på Sagene i Oslo var ein viktig kvinnearbeidsplass i si tid, og kan stå som illustrasjon på det miljøet Oskar Braaten henta skildringane sine frå. No hyser desse bygningane kontorarbeidsplassar. Oskar Alexander Braaten () var ein norsk skjønnlitterær forfattar som skildra arbeidarmiljøet i Oslo i si samtid, og er særleg vidgjeten for skildringane sine av livet til dei kvinnelege tekstilarbeidarane i veveria og spinneria langs Akerselva.

Oskar Braaten vart fødd på Sagene i Oslo, eller Kristiania, som byen heitte den gongen. Foreldre var Berte Marie Olsdatter og blekkslagar Hans Oskar Haakensen; dei var ugifte, og det vart til at mora oppfostra han og systera åleine. Etter å ha gjort unna folkeskulen, arbeida han som visargut før han vart tilsett hjå bokhandlar og antikvar Bertrand Jensen. Her vart han til 1910, då han tok til som fulltidsforfattar. I tillegg var han ei tid sjef for Det norske Teatret i Oslo. Han skreiv både romanar, noveller og mange skodespel, som mellom anna vart synt på Det Norske Teatret. Han skreiv mykje på nynorsk, og frå 1916 på eit dialektprega bokmål. Mange av nynorskbøkene kom seinare ut i bokmålsversjon.

Braaten gifta seg i 1910 med fiolinisten Ragna Aurora (Nanna) Martinsen.

Oskar Braaten døydde i ei trafikkulukke i Trysil den 17. juli 1939 på veg til den hytta han hadde skaffa seg der.

Verkliste Du heimen min (drama) 1906 Arv (spelstykke i ei vending) 1910 Ungen (drama) 1911 Stor-Anders (drama) 1912 Sorgenfri (drama) 1914 Borgen (komedie) 1915 Mens hjulene staar og andre fortællinger (noveller) 1916 Arven (ei akt) 1917 Kammerset (av billedhugger Leo Dürings papirer) 1917 Bak høkerens disk (drama) 1918 Fabrikken (noveller) 1918 Gamlehjemmet Sorgenfri (noveller) 1918 Ulvehiet (drama) 1919 Matilde (drama) 1920 Bams (drama) 1921 Tapte slag (noveller) 1922 Opover (drama) 1924 Den store barnedåpen (drama) 1925 Dei kvinnfolka! (drama) 1925 Tribunen (drama ) 1925 Godvakker-Maren (komedie) 1927 Bra mennesker (komedie) 1930 I godt selskap (noveller) 1930 Prinsesse Terese (drama) 1931 Masken (drama) 1933 Oslo-fortellinger (noveller) 1935 Fugleburet (drama) 1937 Norske folkeeventyr for born (eventyr) 1939 Sønnafor syd og nordanfor nord (eventyr) 1941 Akerselva (dokumentar) 1951 Bru over elva (utvalde tekstar v/Robert Grøndahl) 1971 Dømd (drama, finst berre i sml. verk?) 1978 Hvetebollene (forteljing, fyrste gong publ. i heftet «Jul i Norge» 1920) 1981 Fortellinger (kortprosa) 1993

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund