Stephen Crane () var ein amerikansk forfattar og journalist.

Crane voks opp i eit strengt metodistmiljø, men etter å studert ved Lafayette College og Syracuse University braut han opp og drog til New York, der den første romanen hans, Maggie: A Girl of the Streets, blei vurdert som så sterk i uttrykksforma at ingen forleggjarar ville utgje han. Han måtte derfor låne pengar og gje ut boka for eiga rekning. Ho blir av mange rekna som den første amerikanske naturalistiske romanen. Då Crane skreiv det første utkastet til boka hadde han inga røynsle med prostitusjon eller fattigdom. Likeeins var den realistiske krigsromanen The Red Badge of Courage skrive utan at Crane hadde sett ei slagmark. Seinare arbeidde han òg som krigskorrespondent, og dekte den Den gresk-tyrkiske krigen i 1897 og Den spansk-amerikanske krigen i 1898.

Opphaldet på Cuba svekka helsa hans, og når han kom attende derfrå slo han seg ned i England, der han budde dei siste åra av livet sitt. Her blei han mellom anna kjend med forfattarkollegaen Joseph Conrad. Crane døydde 28 år gammal av tuberkulose.

Dei beste arbeida til Crane inkluderer noveller som The Blue Hotel, The Bride Comes to Yellow Sky, The Monster og The Open Boat, som byggjer på Crane si eiga røynsle frå eit skipsforlis. Også som lyrikar bruat Crane med dei litterære konvensjonane i samtida, med dikt som Black Riders (1895) og War is Kind (1899), skrive i frie vers utan versemål eller rim. Olav H. Hauge har attdikta nokre av Crane sine dikt til norsk. Letters blei utgjeve i 1960, og The Works of Stephen Crane i 10 band mellom 1969–75.

Verk i utval Maggie: A Girl of the Streets (1893) The Red Badge of Courage (1895) The Black Riders and Other Lines (1895) George's Mother (1896) The Open Boat and Other Tales of Adventure (1898) War is Kind (1899) Active Service (1899) The Monster and Other Stories (1899) Wounds in the Rain (1900) The O'Ruddy (1903)

Kjelder

«Stephen Crane» i Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, som i dag er offentleg eigedom

Delar av denne artikkelen bygger på «Stephen Crane» frå , den 21. mars 2012.

Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:Folk frå Newark