Lima er hovudstad og største by i Peru. Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten, og hadde 9,9 millionar innbyggjarar i 2022.
Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.
Historie Lima skal, ifølgje historia, ha vorte grunnlagt av Francisco Pizarro 6. januar 1535 og fekk derfor namn etter dei tre vise mennene: Ciudad de los Reyes eller Los Reyes. Nøye rekna synast grunnlegginga å ha skjedd 12 dagar seinare, men plasseringa av byen vart bestemt 6. januar. Det kastillanske namnet på byen vart bruka i starten, men vart så erstatta med namnet «Lima», som somme trur er ei forvansking av namnet på elva Rímac. («Rímac» kjem frå quechua og tyder 'pratsam'). I ein periode var begge namna i bruk på kart.
mini|venstre|San Francisco de Asis, kyrkje og kloster i sentrum av Lima.
Geografi I havet utanfor byen møtest varme og kalde havstraumar. Om vinteren gjev dette eit konstant disig vêr med høg luftfukt og temperaturar ned mot 14-15 grader. Det regnar mesta aldri, men luftfukta kan falle ut av lufta i form av noko som liknar regn («lluvisna» eller «garuba»). Mot slutten av året, når sommaren kjem, klårnar sikta og temperaturen i desember-februar ligg som oftast på 20–25 grader.
Ei segn i Lima seier at dei invaderande spanjolane hadde spurt lokalbefolkninga kor den beste staden å bygge ein by var, og lokalbefolkninga hadde (som hemn) peika ut plassen der byen ligg. Mange ser på klimaet her som det verste i heile Peru; nokre mil sør for Lima er det mykje meir sol. Lima har berre 1284 soltimar i året, 28,6 timar i juli og 179,1 timar i januar eineståande låge verdiar, vurdert ut frå breiddegrad.
Kommunikasjonar Den internasjonale flyplassen Jorge Chávez Hamna i Callao Motorvegen Panamericana Sur og Panamericana Norte
Turistattraksjonar Plaza de Armas Catedral de Lima Palacio de Gobierno Hus frå kolonitida Puente de Piedra San Francisco de Asis San Pedro La Merced Convento de Santo Domingo San Agustin Monasterio de Santa Rosa de Lima Pachacamac
Museum Museo de la Nacion Museo Nacional de Arqueología, Antropología e Historía Museo de Oro Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera Museo Pedro de Osma Museo de Arte
Plassar å besøke Centrala Lima Miraflores San Isidro Barranco Costa Verde
Callao I hamnebyen Callao ligg både ei stor hamn og flyplassen til Limas. Marinemuseet (Museo Naval) Fortaleza Del Real Felipe Hamna i Callao La Punta
Andre historiske plassar Universidad Nacional Mayor de San Marcos grunnlagt i 1551 og dermed det eldste universitetet i Amerika.
Folklore Señor de los Milagros
Mat Chifa blir kalla den peruanske varianten av kinesisk matlaging.
Kjende personar Francisco Pizarro Santa Rosa de Lima San Martin de Porres Ricardo Palma
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hovudstader i Sør-Amerika Kategori:Byar i Peru Kategori:Verdsarv i Peru