Cecilie Ore () er ein norsk komponist fødd i Oslo. Ho har komponert instrumentale, vokale og elektroakustiske verk og vunne fleire prisar.

Cecilie Ore studerte klaver ved Norges musikkhøgskole og i Paris (1974-81) og fortsette deretter med komposisjonsstudiar ved Institutt for Sonologi i Utrecht og med Ton de Leeuw ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam (1981-86).

I løpet av 1980-åra vart Ore internasjonalt anerkjend for fleire av dei elektroakustiske verka sine. Blant anna vann ho både 1. og 2. pris ved International Rostrum for Electro-Acoustic Music 1988 for Etapper. Same året mottok ho Norsk Komponistforening sin pris Årets Verk for orkesterverket Porphyre, og Statens Garantiinntekt for Kunstnere. I 2004 fekk Ore Arne Nordheims komponistpris.

Utvalde verk

1984 – Helices 1984 – Im-Mobile 1986 – Porphyre 1988 – Etapper 1988–89 – Praesens Subitus 1991 – Erat Erit Est 1992 – Futurum Exactum 1992–93 – Lex Temporis 1993–94 – Nunc et Nunc 1997 – Ictus 1999 – Nunquam Non 2003 – A – Ein skuggeopera 2008 – Dead Beat Escapement 2013 – Come to the Edge! 2015 – Adam & Eve – a Divine Comedy 2016 – Dead Pope on Trial 2017 – The Fig Leaf Campaign! For vocal ensemble or choir 2017 – The Pregnant Pope! For vocal ensemble or choir

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Cecilie Ore» frå , den 8. november 2019.

Kategori:Norske komponistar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Komponistar frå 2000-talet