Arnt Håkon Ånesen () er ein norsk komponist, oppvaksen i Fauske. Han er lektor i komposisjon, medlem i Norsk komponistforening og i Ny Musikks Komponistgruppe.

Biografi

Arnt Håkon Ånesen har drive med musikk og komposisjon sidan barndommen. Frå 1998 til 2008 studerte han ved Norges Musikkhøgskole under Bjørn Kruse, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen. Ånesen fordjupa seg i instrumentet tuba, før det begynte å, i fylgje han sjølv, «freista å spela på fleire instrument». På musikkhøgskulen mottok han stipend frå TONO, Komponistenes Vederlagsfond og Statens Kunstfagstipend, og investerte noko av pengane på studiereise til Australia. Ånesen tok diplomeksamen frå musikkhøgskulen i 2008.

Prosjekt

Arnt Håkon Ånesen har samarbeidd mykje med biletkunstnaren Hilde Aagaard. Dei to har hatt kunstprosjekt saman i både Tokyo, Lillehammer, Aten, Gjendin i Jotunheimen samt Melbourne.

I 2007 starta Ånesen eit samarbeid med trioen Artetriol. Trioen og Ånesen laga ei førestilling dei kalla «In Progress», som vart framført i Sverige og på austlandsområdet.

I mai 2011 laga Ånesen konsertmusikk av syngjande selhannar; storkobbar som han høyrde på Ny-Ålesund på Svalbard. Verket med selane fekk namnet «- 273,15°C» og vart framført i Tromsø.Dagbladet, 09.04.11: Selene synger så vakkert

Ånesen har gjeve ut 3 elektroakustiske album på digitale internettkanalar. Til dagleg underviser han i komposisjon på Edvard Munch vidaregåande skule, og jobbar med eit nytt digitalt læreverk i NRK.

Nokre framføringar

2011: Borealisfestivalen i Bergen 2011: Nordlysfestivalen i Tromsø 2010: Numusic i Stavanger 2010: Musikkfestivalen Domaine Forget, Quebec, Kanada 2010: «In Progress» med trio i Napoli, Italia. 2009: Musikkprosjekt i St. Petersburg 2009: Peer Gynt Stemnet, Vinstra 2008: Ultimafestivalen, Oslo saman med Bodø Sinfonietta. 2008: Nordland Musikkfestuke, med bass-songaren Ketil Hugaas og slagverkensemblet Kroumata.

Kjelder

Ballade.no, 17.12.08: Ny komponist: Arnt Håkon Ånesen CV frå Ånesen si offisielle nettside. Bokmålswikipedia om Arnt Håkon Ånesen, henta inn 26. mars 2012.

Fotnote

Kategori:Norske komponistar Kategori:Moderne komponistar Kategori:Folk frå Fauske