Bernhard Dorotheus Folkestad () var ein norsk kunstmålar og forfattar.

Liv og gjerning mini|venstre|Løvtrær i høstdrakt med skjærer, 1914 mini|Bukt med robåt Folkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på studieturar til Amsterdam i 1907, og Paris i 1909. Siste staden var han elev av Christian Krohg. Til å begynne med måla han store stillebensbilete av grønsaker eller levande fjørfe, og enkelte interiør. Hans mest kjente måleri frå yngre år er Mørkeloftet frå 1905.

Folkestad slo gjennom i 1914 med ein festleg frise i ein av paviljongane under jubileumsutstillinga 1914. Dei neste åra laga han mange dekorative arbeid med fargerike motiv i rikfolk sine hus. Han måla altartavla i Rjukan kyrkje i 1917 og «Drammenskomposisjonen» i Drammens handelsforening. Folkestad laga også ein del tresnitt. Arne Durban seier i Norsk Allkunnebok at Folkestad «førde ein brei og frodig pensel og var ein glad og saftig kolorist».

Folkestad skreiv ei mengd avisartiklar. Desse artiklane vart samla og trykt i bøkene Blå hjul (1923), Svingdøren (1926), Sol og morild (1929) og Gullfisken (1933).

Verk Måleri Paa Mørkeloftet, 1905 Grønsager, 1906 Høns i høstsol, 1906 Sommernat, 1908 Pariserfrokost, 1909

Bøker

Kjelder Norsk Allkunnebok IV. bandet, 1953

Denne artikkelen bygger på «Bernhard Folkestad» frå , den 1. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Om Bernhard Folkestad i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske målarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Fjaler Kategori:Forfattarar frå Fjaler Kategori:Norske sakprosaforfattarar