thumb|350px|Oversynsbilete frå TG09 The Gathering (ofte forkorta til TG) er eit datatreff som sidan 1996 har vore arrangert av KANDU kvar påske i Vikingskipet på Hamar. Det er det største datatreffet i Noreg og det nest største datatreffet i verda etter Dreamhack i Sverige. Arrangementet skulle eigentleg starte i 1991, men blei arrangert for første gang i påsken 1992, og har blitt arrangert kvar påske sidan. Arrangementet har sidan 1996 funne stad i Vikingskipet på Hamar og varer fem dagar i strekk. The Gathering samlar kvart år over fem tusen deltakarar og frivillige som hovudsakleg er unge menneskjer med interesse for data.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Gathering» frå , den 5. april 2012.
kategori:Datatreff Kategori:E-sport Kategori:Skipingar i 1996 Kategori:Messer i Noreg Kategori:Festivalar i Innlandet