Melpa (også medlpa, hagen, tembagla) er eit transnyguineaspråk i den vestlege delen av høglandet på Papua Ny Guinea.

Språket er eitt av dei fire største på Ny Guinea, det blir snakka av 130 000 menneske. Det nye testamentet er omsett til melpa. Omtrent alle talarane av melpa snakkar også tok pisin. Mange snakkar også engelsk. Lånord frå begge desse språket er derfor vanlege i melpa.Melpa Language Project

Melpa er kjend for det binære talsystemet sitt, det vil seie talorda byggjer på eit totalsystem: Tal Melpa struktur 1 tenda (1) 2 ragl (2) 3 ragltika (2 + 1) 4 tembokak (4) 5 pömp tsi gudl (1 etter 4) 6 pömp ragl gudl (2 etter 4) 7 pömp ragltika gudl (2 + 1 etter 4) 8 engak (8) 9 pömp tsi pip (1 etter 8) 10 pömp ragl pip (2 etter 8)

Melpa-folket er bønder, sentrale produkt er søtpotet, taro og yams. Til ein viss grad dyrkar dei også kaffi for eksport.Melpa: Tembagla language - Audio Bible stories and lessons ved globalrecordings.net

Kjelder

Bakgrunnsstoff Melpa – German – English Dictionary ved Melpa Language Project Stucky, Al, Dellene Stucky og John Ruby 1990: Melpa Phonology. SIL Organised Phonology Data ved SIL. Fonologi og tekstdøme. Stucky, Alfred og Stucky, Dellen: 1995: Melpa verbs and morphophonemics: an interim report. SIL.

Døme OLAC resources in and about the Melpa language Melpaopptak (opptak av bibelforteljingar)

Kategori:Einskildspråk Kategori:Papuaspråk Kategori:Språk i Papua Ny-Guinea