Selaön er ei svensk øy i innsjøen Mälaren i Strängnäs kommune i Södermanlands län. Med eit areal på 95 kvadratkilometer er Selaön den niande største øya etter areal i Sverige, og den største øya i ein innsjø. Øya har om lag 3000 innbyggjarar, og delar av tettstaden Stallarholmen ligg sør på øya. Brua ved Stallarholmen knyter Selaön til fastlandet.

Det finst fleire runesteinar på øya. Åsa gravfält frå den yngre jarnalderen består av ei rekkje gravanlegg og steinsettingar, den mest kjende er ein skipssetning kalla Åsa domaresäteSö 200 Åsa gravfält frå svenskarunstenar.net. Mälsåker slott, som under andre verdskrigen var ått av den norske legasjonen i Stockholm og brukt som utdanningstad for polititroppeneMälsåkers historia frå heimesidene til Mälsåker slott, er ein annan turistattraksjon på Selaön.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Selaön» frå , den 7. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Mälsåker slott

Kategori:Øyar i Mälaren Kategori:Södermanlands län