Erlend O. Nødtvedt () er ein norsk lyrikar.

Han debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes, og i 2011 kom Bergens beskrivelse. Begge bøkene har fått mykje merksemd og gode kritikkar. For Harudes fekk han prisen Ung Poesi i Hordaland av Hordaland fylkeskommune og Venelaget Olav H. Hauge og Bergens beskrivelse var med på lista over årets beste bøker då litteraturåret 2011 vart gjort opp i Klassekampen.

Nødtvedt har mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen og årskurs frå Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han har vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vagant og arbeider no som litteraturformidlar på Bergen Offentlige Bibliotek. Han er oppvaksen i Fyllingsdalen.

Bøker 2008 – Harudes – Dikt 2011 – Den Wiit-berømte, i fordum Dage Kongelige Residentz, oc endnu høy-Priviligierede Kiøb oc Handels-Stad Bergens Beskrivelse – Dikt 2014 – Trollsuiten – Dikt 2016 – Dikt 2014 – Attdikting av Digte 2014 av Theis Ørntoft, saman med Britt Kristin Ese 2017 – Vestlandet – Roman 2019 – Slekter – Dikt

Prisar 2008 – Ung Poesi i Hordaland 2011 – Bergensprisen i klassen litteratur 2012 – BjørnsonstipendetBjørnsonstipendet til Erlend O. Nødtvedt 2018 – Olav H. Hauge-stipendet

Referansar

Bakgrunnsstoff Intervju med Erlend O. Nødtvedt i Bergens Tidende 20. oktober 2008 «Erlend O. Nødtvedt» av Eivind Myklebust på Allkunne Profetens tale, masteroppgåva til Erlend O. Nødtvedt om Kristofer Uppdal

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Forfattarar frå Bergen Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2008