Jomfrutårnet (aserbajdsjansk Qız Qalası) eller lokalt kalla Giz Galasi ligg i Gamlebyen i Baku i Aserbajdsjan er eit gammalt tårn som til forskjellige tider har vore tilknytt parsistar, sassanidane, arabar, persarar, sjirvansjahane, osmanarane og russarane. Tårnet vart bygd på 1100-talet, som ein del av bymuren kring Baku, og i lag med Sjirvansjahpalasset, som er datert til 1400-talet, er det skrive inn på verdsarvlista til UNESCO for historiske monument. Steintårnet vert rekna som eit av dei mest særprega nasjonalsymbola til Aserbajdsjan, og er avbilda på aserbajdsjanske pengesetlar. mini|venstre
Jomfrutårnet husar eit museum som presenterer den historiske utviklinga til byen Baku. Her er òg ein suvenirbutikk. Frå toppen av tårnet har ein utsyn over dei smale gatene og minaretane i Gamlebyen, bulevarden i Baku, De Gaulle-huset og Bakubukta. I nyare år har fyrfatet på toppen vorte fyrt opp på kveldane under novruz-høgtida.
Då vassnivået i Kaspihavet fall, oppstod det ei landstripe som vart utbygd mellom 800- og 1400-talet, tida då bymurane i gamlebyen, palasset, inkludert den store bastionen med Jomfrutårnet vart bygd.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maiden Tower (Baku)» frå , den 15. april 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Secrets of the Maiden Tower. Azerbaijan International (Autumn 2006) Baku's Maiden Tower frå Azerbaijan International Maiden Tower a Hindu Temple for the Fire God Agni? 3D-modell
Kategori:Museum i Baku Kategori:Tårn i Aserbajdsjan Kategori:Kulturminne i Aserbajdsjan Kategori:Verdsarv i Aserbajdsjan Kategori:Turistmål i Aserbajdsjan Kategori:Monument og minnesmerke i Aserbajdsjan Kategori:Arkeologiske stader i Aserbajdsjan