Slovensk er eit sørslavisk språk som blir tala av rundt 2 millionar menneske, hovudsakleg i Slovenia, men også i Austerrike, Ungarn, Italia og Kroatia. Slovensk er offisielt språk i Slovenia og EU, og lokalt i delar av Austerrike, Ungarn og Italia.

Den vanlege ordstillinga i slovensk er subjekt–verb–objekt. Eit særeige trekk ved slovensk er dualis, altså skilje mellom eintal, total og fleirtal.

Slovensk og slovakisk er dei to moderne slaviske språka med namn som tyder slavisk (frå kyrkjeslavisk slověnьskъ).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slovensk» frå , den 19. april 2012.

Kategori:Den europeiske unions offisielle språk Kategori:Slaviske språk Kategori:Språk i Slovenia