Freden i Wien eller Wien-traktaten vart signert den 18. november 1738. Han enda den polske arvefølgjekrigen. Med vilkåra i avtalen måtte Stanisław Leszczyński sei frå seg krava sine på den polske trona og respektere August III, hertug av Sachsen.Lindsay, J. O. (1957) The New Cambridge Modern History Cambridge University Press, Cambridge, England, page 205, ISBN 0-521-04545-2 Som kompensasjon fekk han i staden hertugdømet Lorraine og Bar, som vart gjeven til Frankrike då han døydde. Han døydde i 1766. Frans Stefan, som då var hertug av Lorraine, fekk i staden den ledige trona i storhertugdømet Toscana, den siste frå Medici-familien hadde døydd i 1737. Frankrike godtok òg den pragmatiske sanksjonen i freden i Wien. I ein annan del av avtalen vart kongedømet Napoli og Sicilia avstått av Austerrike til hertug Karl av Parma og Piacenza, den yngre sonen til kong Filip V av Spania. Karl måtte så avstå Parma til Austerrike, og gje opp krava sine om trona i Toscana.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treaty of Vienna (1738)» frå , den 23. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Den polske arvefølgjekrigen Wien 1738 Wien 1738 Wien 1738 Wien 1738 Kategori:Avtalar frå 1738 Kategori:Russiske avtalar Wien 1738