«Ein fin liten blome» er ein salme omsett frå svensk av Anders Hovden i 1927. Ein reknar med at den svenske teksten Det växte en blomma er skriven av Johan Alfred Blomberg. Han var offiser i Frelsesarmeen i Sverige. Sidan flytte han til USA. I Norsk Salmebok finn ein salmen på nr. 492, under avsnittet Tryggleik og glede. Melodien vart laga av Bjørn Eidsvåg i 1969. I Sverige vert melodien som i Noreg er kjend som «Min båt er så liten», oftast brukt.
Kjelder
Stig Wernø Holter i Nytt norsk salmeleksikon Trondheim 2011 Denne artikkelen bygger på «Ein fin liten blome» frå , den 29. april 2012.
Kategori:Salmar frå 1900-talet Kategori:Anders Hovden