1741 (romartal MDCCXLI) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen, som var 10 dagar seinare.
mini|'Sonen til herr Godefroy med ein snurrebass'. Måleri frå 1741 av Jean Siméon Chardin. Hendingar Den irske hungersnauden 1740-41 heldt fram. Utlandet 25. juni: Maria Teresia av Austerrike blei krona til dronning av Ungarn i Bratislava. 10. august: I slaget ved Kulachal vann styrkar frå Travancore over Det nederlandske austindiakompaniet. Dette var eit avgjerande slag i krigen mellom Nederland og Travancore, og enda nederlanske koloniaspirasjonar i India. 6. desember (25. november): Elisabet av Russland blei keisarinne av Russland gjennom eit palasskupp. mini|Tukthuset i Kristiania vart opna hausten 1741. Foto frå ca 1910
Noreg Hungersnauden i Noreg 1741-1743 braut ut.Pest og sykdom , Arkivverket.no 13. januar: Konventikkelplakaten vart innført. 5. mai: Skulelova av 1739 vart delvis endra. Nøstetangen Glassverk vart sett i drift i Hokksund. Christiania tukthus vart opna.
Fødde
7. februar: Henry Fuseli, sveitsisk-britisk målar 23. mai: Andrea Luchesi, italiensk komponist 30. oktober: Angelika Kauffmann, bundner-sveitsisk målar
Døde
28. juli: Antonio Vivaldi, italiensk komponist 24. november: Ulrika Eleonora av Sverige, svensk dronning 19. desember: Vitus Bering, dansk-russisk sjøfarar, ved Beringøya
Kjelder