«It Ain't Necessarily So» er ein song med musikk av George Gershwin og tekst av Ira Gershwin. Songen kjem frå Gershwin-operaen Porgy and Bess (1935) der han vert sungen av rollefiguren Sportin' Life, ein dophandlar, som uttrykker tvil om fleire av utsegnene i Bibelen.

Sportin' Life vart spelt av John W. Bubbles. Andre kjende personar som har spelt rolla er Cab Calloway på scenen og Sammy Davis, Jr. i filmen frå 1959.

Songen er spelt inn mange gonger i moderne tid. Han vart ein stor hit i 1965 for songaren Normie Rowe, og var med på debutalbumet til The Moody Blues, The Magnificent Moodies frå 1965. Han vart òg spelt av The Honeycombs, Bronski Beat i 1984, Cher i 1994, og Jamie Cullum i 2002, og av Aretha Franklin og Bobby Darin i 1959 på albumet That's All. Aretha spelte òg inn songen for albumet sitt Aretha (with the Ray Bryant Combo). Sting spelte òg ein versjon av songen. Brian Wilson spelte songen i 2010 for albumet Brian Wilson Reimagines Gershwin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It Ain't Necessarily So» frå , den 4. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1935 Kategori:George Gershwin-songar Kategori:Songar med tekst av Ira Gershwin Kategori:Cher-songar Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Religionskritiske songar Kategori:Songar produserte av George Martin