John Charles Lodge () var ein engelsk musikar som var mest kjend som bassgitarist, vokalist og låtskrivar i det langvarige rockebandet The Moody Blues. Han verka òg som plateprodusent. Lodge samarbeidde med både bandmedlemmane i Moody Blues, og med andre artistar, og gav òg ut soloarbeid.
Lodge kom inn i The Moody Blues i 1966 då den originale bassisten i bandet, Clint Warwick, forlet bandet. Samstundes starta Justin Hayward som ny vokalist og gitarist. Han hadde erstatta Denny Laine. Lodge song på mange av songane til Moody Blues og skreiv mange songar for bandet, som «Ride My See-Saw» og «I'm Just a Singer in a Rock and Roll Band», «Gemini Dream», «House of Four Doors», «Candle of Life», «Send Me No Wine» og «Isn’t Life Strange».
Han samarbeidde òg med Hayward på albumet deira Blue Jays i 1975. I 1970-åra var han plateprodusent for bandet Trapeze.
I 1985 fekk the Moody Blues Ivor Novello-prisen for bidraga sine til musikk. Moody Blues «blei» teken opp i Rock and Roll Hall of Fame i 2018.
Lodge var gift med Kirsten Wright frå 1968. Dei fekk to barn, Emily og Kristian.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Lodge (musician)» frå , den 6. mai 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske songarar Kategori:The Moody Blues-medlemmar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar