Tony Clarke () var ein engelsk plateprodusent og gitarist. Han var fødd i Coventry og er mest kjend som produsent for The Moody Blues frå 1966 til 1979.
Clarke starta som bassist i skiffleband i 1950-åra og heldt fram i rockeband tidleg i 1960-åra. I tillegg arbeidde han som studiomusikar for Decca Records og i 1963 fekk han jobb i selskapet. I 1964 byrja han å jobbe i produsentavdelinga under Dick Rowe.
Han produserte den første singelen sin med Pinkerton's Assorted Colours og songen, «Mirror, Mirror», nådde 8. plass på den britiske singellista. Han vart sett saman med The Moody Blues i 1966 og produserte det populære albumet Days of Future Passed i 1967. Han arbeidde tett med dei i løpet av dei neste seks albuma deira.
I tillegg til Moody Blues arbeidde Clarke Providence og albumet Blue Jays by Moody Blues-medlemmane Justin Hayward og John Lodge. Han produserte òg comebackalbumet til Moody Blues, Octave, men valde å ikkje halde fram samarbeidet med dei. Han produserte så Clannad, Rick Wakeman og Nicky Hopkins, blant andre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tony Clarke (producer)» frå , den 6. mai 2012. oppgav desse kjeldene: Bruce Eder, [ Tony Clarke] at Allmusic
Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Folk frå Coventry