Gjerstad kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1848 som ligg ved Gjerstad i Gjerstad kommune i Agder med utsyn over Gjerstadvatnet. Kyrkja har 500 sitjeplassar. Ho har to kyrkjeklokker, ei laga i Amsterdam i 1762 og ei frå Tønsberg i 1839.
Kyrkja blei utforma av Christian Heinrich Grosch som ei bindingsverkskyrkje i basilikaform. Det har stått fleire kyrkjer på staden tidlegare, den eldste skriftlege omtalen av ei kyrkje ved Gjerstad er «Gerikstadir kirkja i Visidalir» i Aslak Bolts jordebok frå 1430-talet.
Kyrkja blei restaurert i 2004, då ein tok tilbake mykje av den opphavlege utforminga.
Prestegarden ligg sørvest for kyrkja og kyrkjegarden.
Bilete frå kyrkja
Kjelder
«Gjerstad kirke» ved gjerstad.kirken.no «Gjerstad kirke» ved nettstaden Norske kirkebygg
Bakgrunnsstoff
«Gjerstad kirke» ved nettstaden Norske kirkebygg «Gjerstad kirke, Gjerstad» ved nettstaden Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Gjerstad Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kyrkjer i Aust-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1848 Kategori:Kulturminne i Gjerstad Kategori:Byggverk i Gjerstad