mini Rumpeldunk (engelsk Quidditch) er ein fiktiv sport spelt på sopelimar i serien om Harry Potter. Det blir spelt med tre ballar (klabb, gullsnopp og sluff), sju spelarar og seks målstenger (tre på kvar side av banen). Kvart lag består av to knakkarar, ein speidar, ein målvakt og tre jagarar.

Ballane og spelarane si rolle i sporten

mini|50px|Ein teikna versjon av sluffen. mini|50px|Ein teikna versjon av ein klabb. mini|50px|Ein teikna versjon av gullsnoppen. Gullsnoppen Gullsnoppen (engelsk: Snitch) er den minste ballen i spelet. Han er valnøttstor, gyllen, har venger og er vanskeleg å fange. Snoppen har to funksjonar i Rumpeldunk. For det første regulerer han kamplengda: Spelet er over idet ein av speidarane klarer å fange han. For det andre får laget som fangar han 150 poeng. Dette er ein poengsum som svarar til femten skåringar.

Gullsnoppens opphav er ifølgje boka Rumpeldunk gjennom tidene ein kamp i 1269 da ein liten fugl av arten Gullsnupp blei sleppt laus på banen. Fuglejakta blei snart ein del av spelet, men da fuglen blei freda, blei han bytta ut med ein ball. På 1100-talet levde fuglen i Nord-Europa. Det har ikkje vore noko problem å skjule denne arten for gompar, sidan han flyr så fort at han rett og slett ikkje er synleg for andre enn nokre få trollmenn. Han er også veldig god til å gøyme seg. Snuppjakt var populært som sport på 1100-talet.

På andre språk; Gullsnoppen Engelsk: Snitch Tsjekkisk: Zlatonka Fransk: Vif d'Or Tysk: Schnatz Italiensk: Boccino Nederlandsk: Snaai Polsk: złoty znicz Portugisisk (Brasil): Pomo de Ouro

Sluff Den moderne sluffen er ein rund, skarlagensraud ball som er 30 cm i diameter og saumlaus. Opphavleg var sluffen av lêr, ofte med ei hempe. I utgangspunktet var sluffen ikkje forheksa, i motsetning til ei andre ballane i spelet. Moderne sluffar er forheksa ved hjelp av ein formel oppfunnen av heksa Daisy Pennifold. Den såkalla «Pennifold-sluffen» fell ikkje i vanleg fart, men søkk gjennom lufta som i vatn, slik at jagarane får tid til å fange han før han når bakken.

Fire spelarar på kvart lag har oppgåver som heng saman med sluffen. Dei tre jagarane og målmannen prøver å få ballen gjennom motstandarlagets målringar, samtidig som dei vaktar sine eigne.

På andre språk; Sluff Engelsk: Quaffle Tsjekkisk: Camrál Fransk: Souafle Italiensk: Pluffa Nederlandsk: Slurk Polsk: Kafel Portugisisk (Brasil): Goles

Klabb Klabben er ein jernball som flyg gjennom lufta og prøver å slå spelarane av sopelimane. Klabben går etter nærmaste spelar. Kvart lag har to knakkarar som bruker balltre for å slå klabbana unna spelarane på sitt eige lag, mot motstandarlagets spelarar. Klabbane oppstod som flygande steinar. Ettersom desse lett blei slått i stykke, begynte ein tidleg på 1500-talet å eksperimentere med metallklabbar.

På andre språk; Klabb Engelsk: Bludger Tsjekkisk: Potlouk Fransk: Cognard Tysk: Klatscher Hebrew: Marbitzan Italiensk: Bolide Nederlandsk: Beuker Polsk: Tłuczek Portugisisk (Brasil): Balaço (bokstavleg stor kule)

Rumpeldunk-lag Appleby Arrows Ballycastle Bats Caerphilly Catapults Chudey Cannons Falmount Falcons Holyhead Harpies Kenmare Kestrels Montrose Magpies Pride of Portree Puddlemere United Tutshill Tornados Wigtown Wanderers Wimbourne Waps mini|Sopelimen Nimbus 2000. mini|Sopelimen Nimbus 2001. Rumpeldunk på Galtvort Kvart hus på Galtvort har kvart sitt rumpeldunklag som spelar kampar mot kvarandre. Poenga laga får i desse kampane gjeld med på husmeisterskapen. Harry Potter var speidar på Griffing-laget frå sitt fyrste til sjette år, altså all tida han gjekk på Galtvort.

Laget for år 1-3 Dette Griffings lag dei tre fyrste åra Harry Potter gjekk der.

Posisjon Namn Keeper Oliver Kvist (kaptein) Jager Angelina Johnson Jager Kattie Bull Jager Alicia Spinnet Knakker Fred Wiltersen Knakker Frank Wiltersen Speider Harry Potter

Rumpeldunk i røynda

mini Etter den store suksessen til Harry Potter-bøkene og -filmane har det grodd fram ei internasjonal rørsle som speler såkalla «Muggle Quidditch» (eller «Gompeldunk»). Rørsla starta ved høgskular og universitet i USA. Ho er organisert i det Internasjonale Rumpeldunkforbundet (International Quidditch Association, IQA). Rumpeldunklag finst no i svært mange land i verda, og det blir arrangert diverse cupar, mellom anna verdscup.

I Noreg finst per 29. september 2012 to offisielle lag. Det fyrste offisielle laget til Noreg blei starta ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim i 2012 og er ein del av NTNUI, idrettslaget til NTNU."Studenter på sopelimer" Adressa.no. 3. oktober 2012.

Dei openberre utfordringane ved å spele eit magisk spel utan magi blir takla ved at spelarane spring på bakken med sopelimar mellom beina og kastar kanonballar i staden for å bruke trollmannsrumpeldunkens jernklabbar og balltre. Gullsnopp-ballen er festa til ein person som kan bevege seg fritt innanfor eit på førehand fastsett område.

På andre språk Rumpeldunk Engelsk: Quidditch Bulgarsk: Kuidich Tsjekkisk: Famfrpál Nederlandsk: zwerkbal Finsk: huispaus Fransk: Quidditch Gresk: Κουίντιτς Latin: ludus Quidditch Portugisisk (Brasil): Quadribol (quadriball, som i fire baller) Slovakisk: Metlobal Polsk: Quidditch

Spelarane Speider Engelsk: Seeker Bulgarsk: Търсач Tsjekkisk: Chytač Nederlandsk: Zoeker Fransk: Attrapeur Tysk: Sucher Gresk: Ανιχνευτής Hebrew: Mehapes Italiensk: Cercatore Latin: Secutor Norsk: speider Polsk: Szukający Portugisisk (Brasil): Apanhador Spansk: Buscador Slovakisk: Stihac

Knakkere Engelsk: Beaters Tsjekkisk: Odrážeči Fransk: Batteurs Tysk: Treiber Hebrew: Hovtim Italiensk: Battitori Spansk: Golpeador Nederlandsk: Drijvers Portugisisk (Brasil): Batedores Polsk: Pałkarze

Keeper Engelsk: Keeper Tsjekkisk: Brankář Fransk: Gardien Tysk: Hüter Hebrew: Shomer Italiensk: Portiere Spansk: Guardián Nederlandsk: Wachter Portugisisk (Brasil): Goleiro (målvakt) Polsk: Obrońca

Jager Engelsk: Chaser Tsjekkisk: Střelec Nederlandsk: Jager Fransk: Poursuiveur Tysk: Jäger Hebrew: Rodfim Italiensk: Cacciatori Spansk: Cazador Portugisisk (Brasil): Artilheiro Polsk: Ścigający

Kjelder Dette avsnittet inneheld informasjon frå engelsk wikipedia. Mykje av informasjonen er henta frå J.K. Rowlings bok Rumpeldunk gjennom tidene (Kennilworthy Whisp) som blei publisert til inntekt for Comic Relief i 2001, på norsk på N.W.Damm&Søn forlag og omsett av Torstein Bugge Høverstad. Nettstaden til IQA

Fotnotar

Kategori:Harry Potter-universet