mini|Moderne bødlar i arbeid: Ein dødsdømd vert festa til den elektriske stolen i fengselet Sing-Sing i USA for å avrettast. mini|Bøddelen i ferd med å avrette Léonora Galigaï (Léonora Dori) i Paris i 1617, skildra i eit stikk frå 1600-talet. mini|Ein bøddel i arbeid under hekseprosessane Bøddel er ein person som har som yrke eller oppgåve å setje i verk dødsdommar, det vil seie å avretta dei som er dømde til dødsstraff. Ofte var det òg bøddelen som skulle pine dei som skulle avhøyrast under tortur, eller dei som skulle torturerast i samband med avrettinga. Sjølv i vår tid kan det vere utvalde personar som har som fast oppgåve eller yrke å stå for avretting i land som framleis nyttar dødsstraff.
Skarprettar (frå lågtysk) er ein bøddel som nyttar øks eller sverd som reiskap. Skarprettar var den offisielle norske nemninga for den som avliva folk som vart dømde etter straffelova til å døy.
Nemninga bøddel vert òg nytta i daglegtalen om ein særs brutal person.
Kjelder
Kategori:Historiske yrke