Adam Wilhelm Moltke ()A.W. Moltke frå Dansk biografisk leksikon, 3. utgåve 1979-1984, (vitja 4. februar 2014) var lensgreve til Bregentved og den første valde danske statsministeren.

Han hadde vore medlem av geheimestatsrådet under eineveldet frå 1831 til 1848. Han tok på seg oppgåva som leiar av den fyrste regjeringa etter marsrevolusjonen og blei ein viktig brubyggjar mellom det gamle einevelde og det nye politiske systemet.

Moltke leia fire regjeringar; Regjeringa Moltke I, II, III og IV og sat som statsminister frå 22. mars 1848 til 27. januar 1852.Danske regeringer 1848-1901 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet, (vitja 4. februar 2014) I delar av periodane var han òg finansminister, marineminister og utanriksminister.

Utmerkingar Han blei riddar av Dannebrogordenen i 1815, kommandør i 1824, fekk Dannebrogordenens heiderstekn i 1826, fekk storkorset av Dannebrog i 1828 og vart riddar av Elefantordenen i 1836.

Kjelder

Kategori:Danske statsministrar Kategori:Danske marineministrar Kategori:Danske utanriksministrar Kategori:Danske finansministrar Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Elefantordenen Kategori:Danske godseigarar Kategori:Danske adelsmenn Kategori:Folk frå Nordfyns