mini|Gjertrudsfuglen er eit gammalt norsk namn på svartspett. Namnet stammar frå eit utbreidd legendeeventyr med same namn. Gjertrudsfuglen, òg kalla Gjertrudfuglen, er eit katolsk legendeeventyr og eit gammalt norsk namn på hakkespettarten svartspett. Eventyret er med i Asbjørnsen og Moe si samling av Norske Folkeeventyr som første gong kom ut i perioden 1841-1844. Av ialt 22 kjente legendeeventyr i Noreg er Gjertrudsfuglen det mest utbreidde. Eventyret skal vere kjent i 39 variantar.

Det korte eventyret fortel om då Vårherre og St. Peder, som vandrar på jorda, ber ei bakstekone om å få smake på ei lefse. Kona, som heiter Gjertrud, klarer på tre forsøk ikkje å lage ei lita nok lefse til tiggarane, og dei får derfor ingenting. Fordi Gjertrud er så gjerrig og ikkje unner dei noko, straffar Vårherre henne ved å omskape henne til gjertrudsfuglen som straks flyg opp gjennom pipa. Fuglen kan ein etter dette sjå med sotsvart kropp og raud lue der han hakkar etter mat mellom bork og ved og pip tørst mot regnvêret.

Det religiøse eventyret har ein moralsk bodskap om korleis det kan gå med den som er egoistisk, og forklarer samstundes kvifor svartspetten er som den er. Ifølge folketrua kunne gjertrudsfuglen varsle regn og lokke folk så langt inn i skogen at dei gjekk seg vill.

I 1984 laga Anna Tystad Aronsen ein liten teiknefilm (animasjonsfilm) for barn for norsk fjernsyn, NRK om Gjertrudsfuglen.

Sjå òg Gjertrudsmesse, gammal merkedag 17. mars til minne om Gjertrud av Nivelles

Bakgrunnsstoff

Teiknefilmen Gjertrudsfuglen frå 1984 Paul Renee Gaugauin sitt bilde av Gjertrudsfuglen 1968, (GREV WEDELS PLASS AUKSJONER) Gertrude's Bird (eventyret på engelsk)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gjertrudsfuglen» frå , den 20. mai 2012.

Kategori:Eventyr Kategori:Norsk folketru