Eurovision Song Contest 2013 (ESC 2013), offisielt 58. Eurovision Song Contest, var den 58. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Malmö i Sverige, etter at Loreen vann Eurovision Song Contest 2012 med songen «Euphoria».
Tre byar var interesserte i å arrangere tevlinga, og 8. juli 2012 vart Malmö Arena vald som arena av Sveriges Television (SVT). Dette var femte gongen Sverige arrangerte tevlinga og andre gong Malmö var vertsby, etter å ha arrangert tevlinga i 1992. Datoen for dei to semifinalane var 14. og 16. mai 2013, og finalen vart halden om kvelden 18. mai 2013. 39 land tok del, mellom dei Armenia som sist var med i 2011. Bosnia-Hercegovina, Portugal, Slovakia og Tyrkia annonserte at dei ville trekkje seg frå tevlinga i 2013.
For fyrste gong på 20 år klarte ingen av landa frå det tidlegare Jugoslavia å kvalifisere seg til finalen.
Malmö
mini|venstre|Malmö Arena.
8. juli 2012 gjorde SVT kjent at Malmö Arena skulle arrangere Eurovision Song Contest 2013. Dette var den femte gongen tevlinga vart stelt til i Sverige, og andre gongen i Malmö. Dei tidlegare gongene var i 1975, 1985, 1992 (Malmö) og 2000.
Malmö ligg i Skåne og er den tredje største byen i Sverige etter innbyggjartal, etter Stockholm og Göteborg, og er ein av dei største byane i Skandinavia. Malmö er administrasjonssenter i Malmö kommun og hovudstad i Skåne län. Den administrative eininga for det meste av byen er Malmö kommun, som har 303 873 innbyggjarar, der 30 prosent er av utanlandsk opphav. Ein del av Malmö ligg òg formelt i Burlövs kommun. Det totale innbyggjartalet i område var på 280 415 i desember 2010.
Tildelingsprosessen Natta etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 sa administrerande direktør i SVT, Eva Hamilton, at ulike arenaer i Stockholm, Göteborg og Malmö kunne vere moglege vertsstader for Eurovision Song Contest 2013. Globen, der Eurovision Song Contest 2000 vart arrangert, skal arrangere Verdsmeisterskapen i ishockey 2013 og vil difor ikkje ha høve til å arrangere tevlinga.
20. juni 2012 vart det annonsert at Göteborg ikkje lenger ynskte å arrangere finalen av di byen skal arrangere Göteborg Horse Show seint i april 2013. Det var òg mogleg at det ikkje ville vere nok hotellrom av di det vart arrangert fleire arrangement på same tid som Eurovision Song Contest 2013.
Stockholm og Malmö reserverte arenaer og hotellrom som ein del av bodet for å arrangere Eurovision Song Contest 2013. 8. juli 2012 vart Malmö Arena vald ut som vertsby for tevlinga.
By Arena Kapasitet MerknadStockholm(Solna)Friends Arena67 500Malmö15 500Arenaen hadde arrangert fleire semifinalar i Melodifestivalen dei siste fire åra.GöteborgScandinavium14 000Arenaen arrangerte Eurovision Song Contest 1985.Svenska MässanUkjend
SVT hadde eit ynske om å arrangere tevlinga på ein mindre arena enn tidlegare, og dette var ein av faktorane som spelte inn då dei valde Malmö Arena. Martin Österdahl, hovudansvarleg for Eurovision Song Contest 2013, fortalde svensk presse at han ikkje likte vedtaket frå tidlegare vertsland om at tevlinga måtte arrangerast i større arenaer. SVT ynskte difor at tevlinga skulle vere «meir nær og personleg». Ifylgje SVT ynskte òg EBU at Eurovision Song Contest skulle verte «mindre» på grunn av høgare kostnadar.
Format Programleiar mini|Petre Mede ynskjer velkomen til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013. 17. oktober 2012 sa produsent Martin Österdahl til avisa Dagens Nyheter at SVT berre ville ha ein programleiar, ulikt tidlegare år der det har vore opp til tre programleiarar. Sist gong det berre var ein programleiar var i 1995 då Mary Kennedy leia tevlinga frå Dublin i Irland. 28. januar 2013 vart Petra Mede annonsert som programleiar for Eurovision Song Contest 2013. 8. mai 2013 vart det kjend at Eric Saade, som representerte Sverige i 2011, vil vere green room-programleiar i finalen.
Grafisk design Den visuelle utsjånaden på tevlinga vart laga av Happy F&B.
Billettsal 11. juli 2012 råda produsent Christer Björkman til at folk ikkje skulle kjøpe billettar som var i omlaup, men heller vente til dei vart gjevne ut gjennom offisielle kanalar av di dei offisielle billettane ikkje hadde vorte lagt ut for sal. Björkman gav òg forsikring om at det ville vere nok hotellrom, så medan arrangørane hadde bestilt fleire rom, kan nokon òg ha vorte tilgjengeleg for publikum. 21. november 2012 annonserte SVT at dei offisielle billettane ville verte lagt ut for sal 26. november 2012.
Sponsorar Den offisielle sponsoren for kringkastinga var det svenske telekommunikasjonsføretaket TeliaSonera og det tyske kosmetikkføretaket Schwarzkopf.
Semifinaletrekning Ulikt tidlegare år ville ein i 2013 ikkje trekkje eit startnummer til kvart bidrag, men i staden for ville produsentane velje ut startrekkjefylgja for at programmet skulle verte meir spennande og for at alle bidraga skulle få skilje seg meir ut, slik at ikkje like bidrag rauk ut av di dei var for like. Endringa førte til blanda reaksjonar frå fans og kringkastarar. 3. januar 2013 annonserte EBU at semifinaletrekninga ville finne stad 17. januar 2013 i Malmö rådhus.
For å lage meir spenning, slik som tidlegare år, vart 30 land delt inn i fem grupper basert på korleis dei har røysta dei siste ni åra. Gruppene vart sett saman av Diagam.
Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5
Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Ei trekning på hovudkvarteret til EBU vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen. Israel fekk òg ein plass i den andre semifinalen av di 14. mai er nasjonal fridag. Storbritannia, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, òg kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen og fekk dimed berre vite kva for semifinale dei vil røyste i. Sverige, Italia og Storbritannia vil røyste i den fyrste semifinalen og Spania, Tyskland og Frankrike vil røyste i den andre semifinalen.
Hendingar Armenia Røyster frå den armenske disporaen i Nederland og Belgia til Armenia skal truleg ikkje ha vore korrekt talt opp. Armenia fekk ikkje poeng frå Nederland og Belgia for fyrste gong sidan dei debuterte i 2006.
Aserbajdsjan Før tevlinga vart det rapportert i litauiske medium om at ein skjult kamera-video var publisert på YouTube og det såg ut til at Aserbajdsjan kjøpte telefonrøyster frå Litauen. Litauen enda opp med å gje Aserbajdsjan maksimum tolv poeng. Studentar sa at dei vart kontakta av menn som ville gje dei 20 euro kvar om dei røysta fleire gonger på eit bidrag. Målet deira var å få grupper på ti personar til å røyste på Aserbajdsjan. Av di ein berre kan røyste 20 gonger fekk studentane SIM-kort der ein kunne røyste så mange gonger som mogleg i laupet av dei 15 minutta røystinga varte. Dialogen i videoen tyda på at liknande hendingar fann stad i totalt 15 land, inkludert Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina, Kroatia og Sveits.
Som svar publiserte den offisielle Eurovision-nettstaden Eurovision.tv ein nyhendeartikkel, signert Jon Ola Sand. Sand sa at arrangørane av tevlinga ynskte eit «rettferdig og transparent resultat». Han sa: «Me undersøkjer denne saka, men vil understreke at hensikta til desse personane ikkje har vorte avklåra, og at det heller ikkje er etablert noko kopling mellom personane i videoen og den aserbajdsjanske delegasjonen, det aserbajdsjanske bidraget eller den aserbajdsjanske kringkastaren som er medlem av EBU, İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti». Han la til at det sidan 1998, då han fyrst vart involvert i tevlinga, «har gått rykte kvart år om uregelmessigheiter i avrøystinga».
Aserbajdsjan, Russland og Kviterussland Då Aserbajdsjan ikkje gav poeng til det russiske bidraget, sjølv om Russland truleg kom på andreplass i telefonrøystinga til Aserbajdsjan, ville den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev ha ei gransking. Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov hevda at resultatet hadde vorte forfalska, og sa: «Denne opprørande handlinga vil ikkje gå utan eit svar». Han lova ein korrigert respons med den aserbajdsjanske utanriksminsteren Elmar Məmmədyarov. Samstundes hevda den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko at røystene måtte ha vorte forfalska av di Kviterussland ikkje fekk nokre poeng frå Russland.
Terrormål 11. mai 2013 vart det funne ei veske som ein trudde kunne innehalde ei bombe framfor inngangen til Radisson Blu Hotel i Malmö, der den israelske, finske og britiske delegasjonen budde. Eit område på om lag 100 meter rundt hotellet vart sperra av av politiet. Då ei bombegruppe undersøkte veska viste det seg at det berre var bagasje som var gløymt att utanfor hotellet.
Semifinale 1 Italia, Sverige og Storbritannia røysta i denne semifinalen.
# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass 01 Natália Kelly «Shine» Engelsk Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly 14 27 02 Birgit «Et uus saaks alguse» Estisk Mihkel Mattisen og Silvia Soro 10 52 03 Hannah «Straight Into Love» Engelsk Hannah Mancini, Gregor Zemljic, Erik Margan, Matija Rodic og Marko Primuzak 16 8 04 Klapa s Mora «Mižerja» Kroatisk Goran Topolovac 13 38 05 Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard 1 167 06 Dina Garipova «What If» Engelsk Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin 2 156 07 Zlata Ognevitsj «Gravity» Engelsk Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan 3 140 08 Anouk «Birds» Engelsk Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe 6 75 09 Who See «Igranka» Montenegrinsk Djordje Miljenovic, Dejan Dedovic og Mario Djordjevic 12 41 10 Andrius Pojavis «Something» Engelsk Andrius Pojavis 9 53 11 Alena Lanskaja «Solayoh» Engelsk Marc Paelinck og Martin King 7 64 12 Aliona Moon «O mie» Rumensk Pasha Parfeny og Yuliana Scutaru 4 95 13 Ryan Dolan «Only Love Survives Engelsk Wez Devine og Ryan Dolan 8 54 14 Déspina Olymbíou «An me thimáse» Gresk Andreas Giorgallis og Zenon Zintillis 15 11 15 Roberto Bellarosa «Love Kills» Engelsk Iain James og Jukka Immonen 5 75 16 Moje 3 «Ljubav je svuda» Serbisk Saša Milošević Mare og Marina Tucaković 11 46
Semifinale 2 Tyskland, Frankrike og Spania røysta i denne semifinalen.
# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass 01 PeR «Here We Go» Engelsk Ralfs Eilands og Arturas Burke 17 13 02 Valentina Monetta «Crisalide (Vola)» Italiensk Ralph Siegel og Mauro Balestri 11 47 03 Esma og Lozano «Pred da se razdeni» Makedonsk og romanés Darko Dimitrov, Lazar Cvetkovski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkovska 16 28 04 Fərid Məmmədov «Hold Me» Engelsk Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel 1 139 05 Krista Siegfrids «Marry Me» Engelsk Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström 9 64 06 Gianluca Bezzina «Tomorrow» Engelsk Boris Cezek og Dean Muscat 4 118 07 Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov «Samo shampioni» Bulgarsk Elitsa Todorova og Christian Talev 12 45 08 Eythor Ingi «Ég á líf» Islandsk Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson 6 72 09 Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis «Alcohol Is Free» Gresk og engelsk Stathis Paxidis og Ilias Kozas 2 121 10 Moran Mazor «Rak bishvilo» Hebraisk Hen Harari og Gal Sarig 14 40 11 Dorians «Lonely Planet» Engelsk Tony Iommi og Vardan Zadoyan 7 69 12 ByeAlex «Kedvesem» (Zoohacker Remix) Ungarsk Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács 8 66 13 Margaret Berger «I Feed You My Love» Engelsk Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson 3 121 14 Adrian Lulgjuraj og Bledar Sejko «Identitet» Albansk Bledar Sejko og Eda Sejko 15 31 15 Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili «Waterfall» Engelsk Thomas G:son og Erik Bernholm 10 63 16 Takasa «You and Me» Engelsk Georg Schlunegger, Roman Camenzind og Fred Herrmann 13 41 17 Cezar «It's My Life» Engelsk Cristian Faur 5 83
Finalen