Ian Gillan () er ein engelsk rockevokalist og låtskrivar, mest kjend som songar og tekstforfattar i Deep Purple.7 Ages of Rock – BBC.co.uk I løpet av karrieren sin har Gillan òg fronta sitt eige band og song eitt år som vokalist i Black Sabbath. Han song òg rolla som Jesus i den originale innspelinga av Andrew Lloyd Webber sin rockeopera Jesus Christ Superstar. I dei beste åra sine var Gillan kjend for den vokalmessige spennvidda på heile fem vokalar, særleg dei høge tonane i songen «Child In Time».

Som 16-åring starta han det første bandet sitt, The Moonshiners, men berre få veker etterpå, i oktober 1962 slutta han skulen og vart med i bandet The Javelins. I åra som følgde jobba han hardt som musikar i band som Wainwrights Gentlemen og Episode Six, der han møtte bassisten Roger Glover første gongen. I 1969 fekk Ritchie Blackmore høyre om Gillan, og henta han til Deep Purple, som var på leit etter ein ny vokalist. Roger Glover vart med på lasset som ny bassist i Deep Purple.

I 1973 forlét Gillan Deep Purple, mykje på grunn av gnissingar mellom han og gitarist Blackmore, og tok ein kort pause frå profesjonell musikk før han danna Ian Gillan Band i 1975. Den tidlege stilen hans hadde eit klårt islett av jazzrock som viste seg å vere mindre populært, og han vart erstatta i 1977 med ein meir kraftfylt hardrock-stil då Gillan skifta ut fleire medlemmar i bandet og forkorta namna til gruppa til beintfram Gillan.

I 1982 vart banda oppløyst då Gillan måtte kvile etter skadar på stemmebanda. I 1983 vart han ny vokalist i Black Sabbath for albumet Born Again og ein påfølgjande turné, før han vart med i eit gjenforeint Deep Purple i 1984.

Etter to studioalbum og éit konsertalbum fekk Gillan sparken frå Deep Purple i 1989, og den tidlegare Rainbow-vokalisten Joe Lynn Turnar overtok jobben. Gillan gav ut éit soloalbum før resten av Deep Purple overtalte Ritchie Blackmore til å ta Gillan inn i varmen att.

I 2006 kom Gillan ut med eit prosjekt som dokumenterer den 40-årige karrieren hans, kalla Gillan's Inn. Både Tony Iommi, fleire medlemmar av Deep Purple og mange andre er ein del av dette DVD-prosjektet.

Diskografi Med Episode Six Put Yourself In My Place (1987) The Complete Episode Six (1991) BBC Radio 1 Live 1998/1969 (1997) Cornflakes and Crazyfoam (2002) Love, Hate, Revenge (2005) Samlealbum av songar mellom 1965 og 1969

Med Deep Purple Studioalbum Tala syner til høgaste plassering i Storbritannia.

Deep Purple in Rock No. 4 (1970) Fireball No. 1 (1971) Machine Head No. 1 (1972) Who Do We Think We Are No. 4 (1973) Perfect Strangers No. 5 (1984) The House of Blue Light No. 10 (1987) The Battle Rages On No. 21 (1993) Purpendicular No. 58 (1996) Abandon No. 76 (1998) Bananas No. 85 (2003) Rapture of the Deep No. 81 (2005)

Konsertalbum Concerto for Group and Orchestra (1969) Made in Japan (1972) Deep Purple in Concert (1980) (Live 1970 & 1972) Scandinavian Nights (1988) (Live 1970) Nobody's Perfect (1988) In the Absence of Pink (1991) (Live 1985) Gemini Suite Live (1993) (Live 1970) Live in Japan (1993) (Live 1972) Come Hell or High Water (1994) Live at the Olympia '96 (1997) Total Abandon: Live in Australia (1999) The Soundboard Series (2001) Live at the Royal Albert Hall (2000) Live at the Rotterdam Ahoy (2001) Live in Europe 1993 (2006) Live at Montreux 1996 (2006) (Live 1996 & 2000) They All Came Down To Montreux (2007) Live At Montreux 2011 (2011)

Med Ian Gillan Band og Gillan Child in Time (1976) Clear Air Turbulence (1977) Scarabus (1977) Live at the Budokan (1977, EUR: 1983) Gillan (aka The Japanese Album) (1978) Mr. Univers (1979) Glory Road (1980) Future Shock (1981) Double Trouble (live) (1981) Magic (1982) The Gillan Singles Box Set (2007) The Glory Years (2008, DVD) (Recorded live 1981) Triple Trouble (2009) (Recorded live 1981/1982)

Med Black Sabbath Born Again (1983)

Solo Studioalbum Accidentally on Purpose (1988, som Gillan & Glover, med Roger Glover) So I Like/Έτσι μ’ αρέσει (1992) Ian Gillan med Michalis Rakintzis Naked Thunder (1990, US: 1997) Toolbox (1991, US: 1997) Cherkazoo and Other Stories ('73/'75 soloopptak) (1992) Dreamcatcher (1997, US: 1998) Gillan's Inn (2006, Deluxe Tour Ed.: 2007) One Eye to Morocco (2009)

Konsertalbum Chris Tetley Presents: Garth Rockett & The Moonshiners (1989) Garth Rockett & The Moonshiners Live at the Ritz (1990, video) Ian Gillan Live (1990, 2001 on DVD as Classic Rock Legends - Ian Gillan) Live at the Ritz '89 (2000, as Ian Gillan & The Moonshiners) Highway Star - A Journey in Rock (2007, DVD) Live in Anaheim (2008, CD/DVD)

Med The Javelins Sole Agency and Representation (1994)

Gjesteframferder og andre prosjekt Jesus Christ Superstar (1970, original innspeling) Sammy - Sammy (1972) - medprodusent Jerusalem - Jerusalem (1972) - Produsent Pussy - Feline Woman / Ska Child (1972) - Produsent Cliff Bennett - Nightride (1981) - Medprodusent Zero Nine - Blank Vers (1982) - Medprodusent Rock Aid Armenia - The Earthquake Album (1990, «Smoke On The Water '90") Pretty Maids – In Santa's Claws (EP, 1990, «In Santa's Claws», «A Merry Jingle") The Bolland Project – Darwin (The Evolution) (1992, «Overture», «Finale», «The Long Goodbye / The Final Curtain Falls") Michalis Rakintzis – Get Away (1992), ("Get Away», «My Heart Remains The Same», «I Think I Know», «Get Away Club Mix», «Make A Wish") Ray Slijngaard & Ian Gillan – Smoke On The Water Rock 'N' Rap Extravaganza (1998, «Smoke On The Water") Jill Towers – Welcome to Dreamfield (1999) - Co-produsent Jill Towers - Miserably Happy (2001, munnspel on «I Know What U'r Lookin'") Dean Howard – Volume One (2004, «Smokescreen") Rock School – Movie soundtrack (2005, «Highway Star") Leslie West – Gitarded (2005, «Hang Me Out To Dry") Michael Lee Jackson – In a Heartbeat (2006, «Have Love Will Travel") Hoochie Coochie Men & Jon Lord – Danger. White Men Dancing (2007, «Over & Over», «If This Ain't The Blues")

Film og fjernsyn Deep Purple - Heavy Metal Pioneers (1991, intervjuobjekt) The Black Sabbath Story, Vol. 2 (1992, intervjuobjekt) Rock Family Trees - ep. 'Deep Purple (1995, intervjuobjekt) Classic Albums - ep 'Deep Purple: Machine Head''' (2002, intervjuobjekt) Roger Glover - Made in Wales (2004, intervjuobjekt) Heavy Metal Britannia (2010, intervjuobjekt) The Seventies - ep. '1970 (2010, intervjuobjekt) Pictures of Home - Armenia Grateful 2 Rock (2010, intervjuobjekt)

Bøker Gillan, Ian (1980), Candy Horizon, diktsamling Gillan, Ian (1998), Ian Gillan: The Autobiography of Deep Purple's Lead Songar. Blake Pub, ISBN 1-85782-320-6. (2nd ed./1st ed. – 1993) Gillan, Ian (2006), Smoke This!: The Warblings, Rants, Philosophies, and Musings from the Singer of Deep Purple''. Immergent, ISBN 0-9788254-0-3.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ian Gillan» frå , den 27. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Autoriserte lenkjer frå Gillan.com

Kategori:Engelske sjølvbiografiske forfattarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske heavy metal-songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske songarar Kategori:Britiske munnspelspelarar Kategori:Folk frå Hounslow Kategori:Deep Purple-medlemmar Kategori:Black Sabbath-medlemmar Kategori:Gillan-medlemmar Kategori:Episode Six-medlemmar Kategori:Ian Gillan Band-medlemmar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Folk frå Hounslow