«Hush» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Joe South for Billy Joe Royal. Royal gav songen ut som singel og denne nådde 52. plass på Billboard Hot 100 i 1967.http://www.billboard.com/artist/billy-joe-royal/liste-history/2497#/song/billy-joe-royal/hush/645066 Refrenget byrjar med «Hush, hush, I thought I heard her calling my name», som er henta frå ein tradisjonell gospelsong.
Deep Purple-versjonen Songen vart så spelt inn av det britiske hardrockbandet Deep Purple for debutalbumet deira Shades of Deep Purple i 1968. Songen vart den første hitsingelen deira og nådde fjerdeplass i USA og andreplass i Canada, medan han selde dårleg i Storbritannia.
For å feire 20-årsjubileet til bandet, spelte Deep Purple songen inn på ny i 1988 for albumet Nobody's Perfect. Songen nådde då 62. plass i Storbritannia og 44. plass på Hot Mainstream Rock-lista i USA.
Andre versjonar Låtskrivaren Joe South spelte inn «Hush» i 1968 til sitt andre album Games People Play. Den britiske songaren Kris Ife gav ut ein versjon i desember 1967 (MGM Records singel). Tommy Körberg spelte inn «Hush» til albumet Nature Boy i 1968, kreditert til Tom. Merrilee Rush spelte inn «Hush» i 1968 på albumet hennar Angel of the Morning. Love Affair spelte inn «Hush» til albumet The Everlasting Love Affair frå 1968. Ei singelutgiving frå 1973 av «Hush» av Jeannie C. Riley, frå albumet hennar Just Jeannie, nådde 51. plass på Billboard C&W chart. Det sveitsiske bandet Gotthard inkluderte ein cover på sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1992. Dei framførte òg låten live med Jon Lord som gjestespesialist på Zermatt Unplugged-festivalen i 2008. Jenny Rock, ein kanadisk artist, spelte inn ein fransk versjon i 1970 med tittelen Mal (produsert av Michel Pagliaro). Kula Shaker spelte inn ein versjon som nådde andreplass på den britiske hitlista i 1997 og vart brukt på soundtracket til I Know What You Did Last Summer og i marknadsføringa av Kingsman: The Secret Service. Somebody's Image spelte inn ein versjon som vart ein mindre hit i Australia i 1967. The Partridge Family framførte ein versjon i TV-serien sin, med David Cassidy på vokal. Milli Vanilli spelte inn ein versjon på debutalbumet All or Nothing i 1988. Complex spelte inn ein versjon på sitt første sjølvtitulerte studioalbum i 1970. Funky Junction spelte inn ein versjon av «Hush» på sitt einaste album Funky Junction Play a Tribute to Deep Purple i 1973. Bandet bestod av Phil Lynott, Eric Bell og Brian Downey frå Thin Lizzy.Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004 Captain Jack gjorde ein versjon av «Hush» på Eurodance-albumet Party Warriors, gjeve ut i Europa i 2003.
Medverkande 1968-versjonen Ritchie Blackmore - gitar Rod Evans - vokal Nick Simper - bass, korvokal Ian Paice - trommer Jon Lord - orgel, korvokal
1988-versjonen Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal, Munnspel Roger Glover - bass Ian Paice - trommer Jon Lord - orgel, tangentinstrument
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hush (Billy Joe Royal song)» frå , den 28. mai 2012.
Kategori:Debutsinglar frå 1968 Kategori:Billy Joe Royal-songar Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Kula Shaker-songar Kategori:Songar skrivne av Joe South Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Tommy Körberg-songar Kategori:The Partridge Family-songar Kategori:Milli Vanilli-songar