JW Marriott Absheron Baku Hotel er eit skyskraparhotell i Baku i Aserbajdsjan. Hotellet vart opna i 1985. Det opphavlege hotellet hadde 343 rom fordelt på 16 etasjar. Hotellet vart kjøpt og restaurert av JW Marriott i 2009 med 243 rom fordelt på 20 etasjar.

Mogleg terrormål Tryggleiksdepartementet i Aserbajdsjan hevda etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 at dei hadde avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı, arenaen der Eurovision Song Contest 2012 vart arrangert, då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell som Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskear og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.NRK, 30.05.12: Hevder å ha avverget terror

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «JW Marriott Absheron Baku Hotel» frå , den 30. mai 2012.

Kategori:Hotell i Baku